NRK Meny
Normal

No kjem feriepengane

I desse dagar får vi nordmenn nærare 130 milliardar kroner rett inn på konto. Og feriepengane kan brukast til så mangt.

FOLK FORTEL KVA DEI VIL BRUKE FERIEPENGANE SINE TIL I ÅR

SJÅ VIDEOEN: Butikkane gleder seg over at vi får feriepengar, no kjem 130 milliardar kroner på nordmenn sine kontoar. Dette brukar vi pengane til.

– Vi har ein mykje større omsetning av kle og sko når feriepengane, seier Synnøve Humlem, butikksjef på Platou Ålesund.

Hjå reisebyrået Ticket i Ålesund merkar dei også ein større pågang etter at feriepengane kjem inn på konto.

– Ja, no vil folk ha sol og varme. Nokre har bestilt i god tid og betalar når feriepengane kjem, medan andre ser at dei har råd og hoppar på ein tur, fortel Kari Mette Sunde.

– Viktig å unne seg litt

Bente Brun, leiar for sparing og investering i Nordea Nordvest, meiner det må vere lov å unne seg noko ekstra når feriepengane kjem inn på konto.

Bente Bruun

Bente Bruun meiner det er viktig og riktig å bruke feriepengane på ferie.

Foto: NRK

– Eg meiner at det både er viktig og riktig å bruke feriepengane til det dei er tenkt til, nemleg å reise på ferie, seier ho.

Brun meiner likevel at det kan vere fleire fordelar med å legge noko av pengane til sides.

– Dersom du har dyre forbrukslån. Det kan også vere lurt å legge opp ein buffer for framtidige utgifter eller betale ned gjeld. Eller du kan legge pengane inn i eit fond, seier ho.

Prøvar å spare

Tilbake på Platou i Ålesund veit Synnøve Humlem akkurat kva ho skal bruke feriepengane sine til.

Synnøve Humlen

Synnøve Humlen brukar feriepengane på ein tur til alpane.

Foto: Øyvind Sandnes / nrk

– Det blir ferietur til alpane, seier ho.

– Spara du noko?

– Eg prøvar å spare litt, men det blir som regel brukt etter nokre dagar, seier ho og ler.