Hopp til innhold

No kan du trygt hive ut juletreet

Juletreet fekk eit kortvarig liv i stova til familien Velle Aurdal i Sykkylven. Dei meiner ei veke med glitter og julepynt er meir enn nok.

Juletreet forsvinn

Det har blitt ein fast tradisjon for familien Velle Aurdal at årets juletre bokstavleg talt blir kasta ut for verandaen 1. januar. Her er det Lars Kåre Aurdal som kastar treet for to år sidan, medan dottera Frida ser på.

Foto: privat

Dersom du tviheld på at juletreet skal ut 13. januar så kjem du til å få julekaffien din i halsen no.

Berre ni dagar etter at det store grantreet blei bore inn i stova med høgtid, fauk grana utfor altanen i Nakkegata i Sykkylven i stor fart. Då ville ikkje mora i huset sjå det meir.

Julefeiring hos Reidun Velle

Årets juletre hos familien Velle Aurdal hadde absolutt sitt høgdepunkt 24. desember, men fekk ikkje like lang levetid som ein del andre. F.v. mor Møyfrid Velle og syster Margrete Velle Ødegård.

Foto: privat

– Vi gjer det alltid slik, det fungerer litt mentalhygienisk å få rydda vekk alt som har med jul, kos og sløve dagar å gjere, slik at vi er klar til ny dyst, seier Reidun Idland Velle (46).

Blir kasta frå andre etasje

Årets variant blei hogd i nabolaget, pynta med raude og gullfarga kuler og med glitter frå topp til tå.

Men 2017 fekk det altså ikkje oppleve som familiens samlingspunkt. På formiddagen 1. nyttårsdag tok husets far treet og kasta det så langt han klarte utfor verandaen.

– Dottera vår på 10 år syns det er litt artig å sjå på juletreet som fyk, for det blir bokstavleg talt kasta på hovudet ut, ler Velle.

Les også:

13. januar var ein magisk dato

Eli Hausken

Folklorist Eli Hausken ved Universitetsmuseet i Bergen seier endringar må til for å gjere tradisjonar nytt liv.

Foto: privat

Tradisjonelt skulle juletreet først inn i stova veslejulaftan, og deretter ut igjen på 20. dag jul, 13. januar. Men stadig fleire utfordrar dei gamle tradisjonane om når og kor lenge juletreet skal stå stivpynta i stova.

Folklorist Eli Hausken ved Universitetsmuseet i Bergen syns det er uproblematisk.

– Dersom tradisjonar ikkje kan endrast, så døyr dei ut. Folk endrar tradisjonane dei har bruk for å endre, og gjer dei til sine eigne. Det har skjedd alltid, seier ho og legg til at det nok høyrest litt rart ut sidan folk flest brukar "tradisjon" om noko som skal vere akkurat slik det var før.

Les også:

Ventar på våren

Årets juletre blir kasta på dør

Årets juletre blei kasta utfor verandaen allereie 1. nyttårsdag, akkurat som vanleg. For mange er det uaktuelt før 13. januar, 20. dag jul.

Foto: privat

På kjøkkenbordet heime i Sykkylven er det verken julestjerner eller julegleder å sjå. I staden går Reidun Idland Velle vanlegvis i blomsterbutikken heilt i starten av januar for å hente ein spesiell blomster.

– Eg kjøper gjerne ein hortensia og set på kjøkkenbordet, som ei motvekt, no er det vår! Mannen min og eg er samde om at nok er nok, seier Velle.