Hopp til innhold

No kan du lære folkedans på nett

Noreg har fått starten på eit videoleksikon for folkedans på nett. Prosjektet kan vere det første i sitt slag.

Unge dansarar på badehuset på Hellesylt

På Folkepedia lærer barn og unge deg å danse folkedans på video. Badehuset på Hellesylt på Sunnmøre er ein av stadane filmopptaka er gjort.

Foto: Jørn Nyseth Ranum / Folkepedia

«Folkepedia» er ei nettside med korte opplæringsfilmar der barn og unge viser korleis ulike folkedansar skal dansast. Det er Noregs Ungdomslag som står bak prosjektet som blei lansert onsdag kveld.

Halldis Folkedal

Halldis Folkedal er kulturrådgjevar for folkedans i Noregs Ungdomslag.

Foto: Kristianne Marøy

–Vi meiner det er eit behov for å ha ein stad med profesjonell danseopplæring på nett, tilgjengeleg for alle, seier Halldis Folkedal i Noregs Ungdomslag, som er svært nøgd med det dei har fått til så langt.

«Folkepedia» har si eiga nettside og Facebook-side.

Aktive ungdomslag

Folkedansarar ved Bodø

Filmane er spelte inn ulike stader i Noreg. Her er vi ved Bodø.

Foto: Jørn Nyseth Ranum / Folkepedia

Det er barn frå ungdomslag i Oslo, Bodø, Hellesylt og Sykkylven på Sunnmøre som har vore med på å lage dei første filmane.

–Det er svært aktive ungdomslag på desse stadane. I tillegg har vi folk i prosjektgruppa som er derifrå, så valet var ikkje så vanskeleg. Vi synest vi har vore heldige både med opptaksstadane og vêret, seier Folkedal.

(Sjå video under).

Opptaka er gjort frå juli til september i år i alt frå urbane til landlege omgjevnader. Dei aller første filmane som blir lagt ut er laga rundt Hellesylt, blant anna på det gamle badehuset og på ferja til Geiranger.

–Det er utfordrande å drive med filmopptak på ei ferje full av turistar. Mykje folk og mykje støy gjorde det vanskeleg både å høyre dansemusikken og å få filma utan at turistane gjekk i vegen, seier Folkedal, som likevel er svært nøgd med resultatet,

(Sjå videoen under).

Vil lage meir

I første omgang har prosjektgruppa fått laga 20 korte filmar som viser ulike dansar i praksis med detaljerte instruksjonar. Filmane blir publiserte litt etter litt framover mot jul. Prosjektet har fått støtte frå Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, LNU.

–Dette er eigentleg eit forprosjekt som vi håper skal vekse seg større etter kvart. Filmproduksjon er kostbart, så vi er avhengige av å få økonomisk støtte for å kunne føre dette vidare, seier Folkedal.

Dansarar på Ljøen ved Hellesylt
Foto: Jørn Nyseth Ranum / Folkepedia