NRK Meny
Normal

No kan du klikke på Aasen

Ivar Aasens "Ervingen" er no tilgjengeleg som gratis e-bok hjå Nasjonalbiblioteket. Det er også 37 andre norske klassikarar.

Ivar Aasen er omstridt, over 100 år etter hans død.
Foto: NTB / Scanpix

I løpet av våren vil Nasjonalbiblioteket leggje ut til saman 100 titlar som e-bøker.

– Vi har valt ut klassiske romanar, drama, novelle- og diktsamlingar, reisekildringar og memoarlitteratur. Eit knippe eventyr og barnelitteratur er også med. Til saman vert dette eit breitt utval frå norsk litteraturarv, seier nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein.

I valet mellom ulike utgåver, har det også vore viktig at bøkene er lette å lese for dagens publikum, legg ho til.

– Ikkje eit stort verk i dag

Gaute Øvereng

Gaute Øvereng, dagleg leiar ved Aasen-tunet, er glad for at litteratur av Ivar Aasen no vert tilgjengeleg for fleire.

Foto: Ivar Aasen-tunet

Gaute Øvereng, dagleg leiar ved Aasen-tunet, understrekar at alt av Aasen allereie ligg tilgjengeleg digitalt på nettsidene deira.

– Men det er sjølvsagt kjekt at Aasen no kan nå ut til endå fleire, seier han om songspelet "Ervingen".

– Det er ein slags musikal meint for framføring på scene. Stykket fekk god mottaking då det kom ut for vel 150 år sidan, men er nok ikkje kjend som noko stort verk i dag seier Øvereng.

Dikt og songar

Stykket dreier seg om ein mann som kjem heim frå storbyen med nye impulsar og vil revolusjonere heimbygda.

Øvereng trur årsaka til at Ervingen er ei av dei utvalde e-bøkene til Nasjonalbiblioteket, er dei mange dikta og kjende songane frå teksten.

– Songar som «Her er det Land, som hugar meg best» og «Dei vil alltid klaga og kyta» er til dømes framleis populære i dag.

Sjå lista over e-bøker frå Nasjonalbibioteket:

Tryggve Andersen: Mod Kvæld
Olaf Bull: Digte
Camilla Collett: I de lange Nætter
Camilla Collett: Optegnelser fra Ungdomsaarene
Nils Collett Vogt: Fra vaar til høst
Hulda Garborg: Rationelt fjøsstell
Hulda Garborg: Kvinden skabt af manden
Maurits Christopher Hansen: Noveller
Aasta Hansteen: Kvinden skabt i Guds Billede
Ludvig Holberg: Den Stundesløse
Ludvig Holberg: Niels Klims Underjordiske Reise
Henrik Ibsen: Når vi døde vågner
Henrik Ibsen: Samfundets Støtter
Hans Jæger: Syk kjærlihet
Ragnhild Jølsen: Ve's mor
Hans E. Kinck: Sneskavlen brast, del 1, 2 og 3
Hans E. Kinck: Trækfugle
Bernt Lie: Peter Napoleon
Bernt Lie: Svend Bidevind
Christiane Koren: "Moer Korens" dagbøger, bind 1 og 2
Rasmus Løland: Det store nashornet
Rasmus Løland: Kvitebjørnen
Antoinette Mayn: Stadier: en Penneskitse
Fritjof Nansen: Paa Ski over Grønland
Rudolf Nilsen: På gjensyn: dikte
Regine Normann: Eventyr
Regine Normann: Nye eventyr
Sigrun Okkenhaug: Den vene skåla
Stein Riverton: Mysteriet på Bergensbanen
Nini Roll Anker: Den som henger i en tråd
Nini Roll Anker: Det svake kjønn
Henrik Wergeland: Hassel-Nødder
Hanna Winsnes: Aftnene på Ekelund
Dikken Zwilgmeyer: Vi børn
Ivar Aasen: Ervingen