Hopp til innhold

No er Tresfjordbrua heil

For første gong kan ein no gå tørrskodd over Tresfjorden.

Historisk dag på Tresfjorden. For første gong kunne ein gå over fjorden til beins.

Sjå tv-saka: Nils Valde, Geir Inge Lien og Torgeir Stene var dei første som gjekk tørrskodd over brua.

Litt før klokka tolv i dag vart dei siste metrane av Tresfjordbrua støypt. Arbeidet med brua starta i 2013, men før oppstarten var det mange års kamp for å få brua.

Ein av dei som har vore sentral i den kampen er Torgeir Stene, i dag var han ein av dei som fekk æra av å gå over brua først.

– Det er ein ny milepæl som er nådd, for første gong er det ikkje berre planar. No har det endeleg skjedd, så i dag er det ein festdag.

Står ferdig før jul

Arbeidet på brua vart starta opp vinteren 2013, og planen er at heile brua skal stå ferdig rundt månadsskifte oktober/november seinare i år.

Samanstøyping av Tresfjordbrua

Her støyper Arbeidsfellesskapet Bilfinger saman dei siste metrane av Tresfjordbrua

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Brua blir 1290 meter lang og vil føre til ei innsparing i køyreavstand på om lag 13 kilometer på strekninga mellom Ørskog og Åndalsnes.

Frå Vikebukt til Helland blir innsparinga på om lag 22 kilometer. Tidlegare ordførar i Rauma, Nils Valde, er svært nøgd med at brua no er ein realitet.

– Det er heilt fantastisk, det er utruleg å få oppleve at det er bru over Tresfjorden. Før har vi sett det berre på teikning og på bilete, men no kan me faktisk gå over. Det har vore gongar tidlegare vi nesten har gitt opp, så det har vore mykje motgang, men no står vi her i dag.

Tryggare veg

Dagens rute er ulukkesbelasta og har difor fartsgrense på 60 og 70 km/t langs store delar av strekninga.

Tresfjordbrua samanstøypt

Tresfjordbrua blir 1290 meter lang og vil føre til ei innsparing i køyreavstand på om lag 22 kilometer på strekninga mellom Ørskog og Åndalsnes.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Den nye brua vil sørge for full rassikring mellom Vestnes og Åndalsnes, og gi betre trafikksikkerheit og vegstandard langs E136. Ordførar i Vestnes trur brua vil bli viktig for næringslivet.

– Dette er den største innsparinga av tid ein har mellom Ålesund og Oslo og avstanden berre mellom Helland og Åndalsnes er redusert med om lag ein halvtime. Det blir spennande å sjå kva prosjektet vil gjere med samfunnet.