NRK Meny
Normal

Hittil har 34 mist livet i trafikken

Trygg Trafikk er uroleg med tanke på våren og sommaren. Ved inngangen av april har 34 personar døydd i trafikken. Over 50 bilistar i landet har mist førarkortet på grunn av råkøyring kvar einaste veke i vår.

Bilkjøring

Berre hittil i år har over 1000 bilistar mist førarkortet på grunn av råkøyring. Trygg Trafikk fryktar fleire dødsulykker.

Foto: Rainer Prang / NRK

Kjensla av flagrande hår, varm vårluft gjennom nedrulla bilvindu og synet av tørre, fine vegar blir for fristande for mange no. Berre hittil i år har over 1 000 bilistar i heile landet mist førarkortet på grunn av råkøyring.

Per Einar Hollum er distriktsleder for utrykningspolitiet i Midt-Norge

Distriktsleiar Per Einar Hollum i UP i Midt-Noreg seier det er usolidarisk å køyre alt for fort. Berre hittil i år har over 1000 personar mist førarkortet.

Foto: Morten Karlsen / NRK

– Det er innmari viktig at vi lukar ut akkurat denne typen risikovillige sjåførar frå trafikken. Dei er villige til å ta så høg risiko at dei utset seg sjølv og andre for ein veldig stor fare, seier distriktsleiar Per Einar Hollum i UP i Midt-Noreg.

Les også:

Over dobbelt så høg fart som lovleg

Dei siste vekene har NRK omtalt ei rekkje alvorlege fartsoverskridingar, der folk køyrer over dobbelt så fort som lov. For kort tid sidan blei ein sørlandsmann dømd for å ha køyrt 240 km/t i ei 100-sone i Lillesand, med dottera og venninna som passasjerar.

I Ålesund ble en mann nylig tatt i 144 km/t i ei 70-sone, ein ung mann på veg til kameratar blei torsdag denne veka målt i 125 km/t i ei 60-sone i Gjemnes på Nordmøre.

– Eg syns dette er ille, eg syns slik køyring er veldig lite solidarisk, seier Hollum.

Han viser til statistikk som seier at høg fart er hovudårsaka ved over 40 prosent av dei alvorlegaste trafikkulykkene, der folk enten døyr eller blir alvorleg skadde.

- Liknar suget etter dop

Dagfinn Moe

Seniorforskar Dagfinn Moe ved Sintef samanliknar suget etter fart liknar på jaget etter dop, og seier folk kan bli avhengige.

Foto: Erland Knutsen

Seniorforskar Dagfinn Moe ved Sintef slår fast at råkøyring er forlokkande for mange, spesielt unge folk. Han seier det handlar om kjensla av meistring.

– Det å meistre det å køyre fort, det å beherske og kontrollere teknologi, køyreeigenskapar, design og hestekrefter gir ei kjensle av belønnning, det er herleg for mange, seier Moe. Han samanliknar suget etter rask bilkøyring som jaget etter og kjensla av dop.

34 menneske døydde

Jan Johansen

Direktør Jan Johansen fryktar høge dødstal utover våren og sommaren.

Foto: Trygg Trafikk

Ifølgje Trygg Trafikk hadde 34 menneske mist livet ved inngangen til april. Det er omtrent like mange som i fjor på same tid, og samstundes dei lågaste dødstala sidan 1950. Direktør Jan Johansen er likevel uroleg med tanke på våren og sommaren.

– I 2013 var talet på omkomne i trafikken lågt på vinteren og våren. Så auka det kraftig utover sommaren og hausten. Vi er redde for at det same skal skje i år, seier Johansen.

Varslar fleire kontrollar framover

UP deltok tidlegare denne veka i ein felleseuropeisk fartskontroll over heile landet. Over 200 politifolk var med og kontrollerte bilistar på over 150 stader i Noreg.

Les også:

Høy hastighet

Det er over 1000 kvinner og menn i Noreg som har mist førarkortet denne våren på grunn av alt for høg fart.

Foto: Illustrasjonsfoto: ScanStock

Distriktsleiar Per Einar Hollum i UP i Midt-Noreg seier det blir fleire kontrollar framover våren og sommaren.

UP er på vegane kvar einaste dag for å kontrollere fart, rus, bilbelte og bruk av handhalden mobiltelefon. Vi blir å sjå der du minst ventar det, seier Hollum.