Hopp til innhold

No blir ho Helsesista på fulltid

Helsesøster Tale Maria Krohn Engvik snakkar med ungdom om alt frå sex til mobbing gjennom Snapchat. Pågangen er så stor at ho tar permisjon frå jobben og blir Helsesista på heiltid.

Helsesista

Helsesøster Tale Maria Krohn Engvik, er kjent som Helsesista. No tar ho permisjon frå jobben for å snappe på fulltid.

Foto: Privat

Ikkje mange helsesøstrer i Noreg er så populære som Tale Maria Krohn Engvik eller «Helsesista» som ho er mest kjent som. 37-åringen har 20.000 følgarar på Snapchat, der ho tar opp tema som er kleine eller vanskeleg å prate om. Både ungdom og foreldre følg henne.

– Når eg snakkar om mensen, sexpress eller hasj, blir det ein naturleg inngangsport til å snakke om dei vanskelege tinga, seier Engvik.

Blir Helsesista på fulltid

Ålesundskvinna jobbar som helsesøster på fire ulike vidaregåande skular i Oslo, men etter at ho starta snapkontoen for snart eit halvt år sidan, har det tatt heilt av. På skulane bankar det på døra heile tida og snapkontoen har også blitt fulltidsjobb. Ho måtte difor ta eit val.

– No tar eg sats og blir Helsesista på fulltid, sjølv om det er kjempeskummelt med tanke på det økonomiske. Eg skal skape min eigen arbeidsplass, seier Engvik. Ho ser for seg at det blir både foredrag rundt om i landet og bokskriving.

Tale Maria Krohn Engvik

Tale Maria Krohn Engvik kjem frå Ålesund og var tilbake i heimkommunen for å prate med elevar ved Fagerlia skole.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Flau snap

Interessa for snapkontoen hennar har vore enorm. Helsesøstera får så mange snappar kvar dag at ho klarer ikkje opne alle saman. Mange fortel at dei er takknemlege for at ho har hjelpt dei. Andre fortel at helsesøstera har fått dei til å endra måten dei ser på seg sjølv og måten dei behandlar andre.

Engvik innrømmer at snapane ho spelar inn av og til kan vere pinlege for henne også.

– Når eg står midt på gata og ropar at eg elskar fitta mi som den er, synest eg sjølvsagt det er flaut. Men når eg har gjort det nokre gongar, er det ikkje så flaut lengre, ler helsesøstera. Mottoet hennar er at ho skal vere seg sjølv mest mogleg. På Snapchat kan ho vere morosam, leiken og kreativ, sjølv om temaet ho tar opp er seriøst og faktabasert.

– Dersom ungdomen får formaningar, lukkar dei berre øyra. Ein må gjere det på ein fengande måte og samstundes spreie glede, seier Engvik.