Hopp til innhold

No får ikkje systrene sparkesykle til vener lenger – ved midnatt blei det ulovleg

Tre veker etter at Hermine (9 1/2) og Kornelia (11) fekk elektriske sparkesyklar i bursdagsgåve, blir reglane stramma inn. – Heilt nødvendig, meiner Trygg Trafikk.

Sparkesykkel

Kornelia (11) frå venstre og Hermine Romfo Mikalsen (9 1/2) skulle gjerne brukt dei elektriske sparkesyklane sine. No må vente til dei blir 12 år gamle.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det er ikkje greitt å vere ni år gamal og bu på bygda på Nordmøre, langt unna vener, skule og næraste busstopp. For familien Romfo Mikalsen blei to elsparkesyklar løysinga for døtrene på 9 1/2 og 11 år.

– Det var veldig gøy, eg blei veldig overraska, seier Kornelia Romfo Mikaelsen (11).

Ho hadde bursdag 23. mai. Då fekk begge systrene nye sparkesyklar. Men frå midnatt blei det forbode for alle under 12 å køyre elektrisk sparkesykkel.

– Trist. Vi skulle eigentleg begynne å bruke dei til skulen, men no kan vi ikkje det, sidan vi ikkje er over 12 år, seier systrene.

Familien bur på bygda, i enden av ein lang nedoverbakke, utan rett til skuleskyss. Dermed er det tungvint å kome seg til skule og vener.

– Farleg køyretøy

Dei elektriske sparkesyklane har skapt både glede og frustrasjon sidan dei dukka opp i Noreg. Fleire har fått alvorlege skadar, det er også rapportert om dødsulykker.

Både trafikkekspertar, foreldre og legevaktlegar har etterlyst aldersgrenser, reglar for fart, hjelmbruk og promille.

Per Gjerde

Regionleiar Per Gjerde i Trygg Trafikk kallar elsparkesyklane farlege. Han skulle helst sett at det blei 16-års aldersgrense.

Foto: Morten Brakestad / Morten Brakestad

– Det er heilt nødvendig. El-sparkesyklar er eit farleg køyretøy. Det er eit kjempebra framkomstmiddel, men det er alt for mange ulykker knytt til elsparkesykkel, seier regionleiar Per Gjerde i Trygg Trafikk.

Han hevdar det er sju gonger farlegare å bruke elsparkesyklar enn vanlege syklar.

Han seier dei aller helst ville hatt 16 års aldersgrense, slik det er fleire stader elles i Europa. Det er målet å få til på sikt.

NRK forklarar

Sikker på at du kan dei nye reglane?

Kven har lov å køyre?

  • Frå 15. juni 2022 har alle over 12 år lov å køyre el-sparkesykkel. Det betyr at dei yngste ikkje lenger kan bruke sparkesyklane.
  • Små elektriske køyretøy som el-sparkesyklar blir omklassifiserte frå «sykkel» til «motorvogn». Frå nyttår må du ha ansvarsforsikring.
  • Alle mellom 12 og 15 år MÅ bruke hjelm.
  • Alle over 15 år BØR bruke hjelm.

Er det greitt å køyre med promille?

  • Folk som køyrer el-sparkesykkel med promille har blitt ei kjent problemstilling. Det er no innført promillegrense på 0,2.
  • Dette er den same promillegrensa som for bilkøyring.

Kva for trafikkreglar gjeld?

El-sparkesyklistar blir rekna som syklistar i trafikken. Nokre viktige trafikkreglar å huske:

  • Du har vikeplikt for bilar og syklistar frå høgre.
  • Du har vikeplikt for bilar og andre kjøretøy i vegbana når du køyrer små elektriske køretøy i fotgjengarfeltet.
  • Bilane skal stoppe for deg dersom du går av den elektriske sparkesykkelen og trillar over fotgjengarfeltet.
  • Du må stoppe for raudt trafikklys når du køyrer i vegen.

Framleis usikker på reglane?

Vil varsle foreldre om ulovleg køyring

Mange norske barn har fått elektriske sparkesyklar dei siste åra. I tillegg er det mange firma som leiger ut, berre i Oslo er det 8 000 tohjulingar.

Politiadvokat Mathias Häber i Møre og Romsdal politidistrikt seier dei kjem til å handheve det nye regelverket for elsparkesyklar på same måte som andre påbod og forbod i trafikken.

Politijurist Mathias Häber

Politiadvokat Mathias Häber seier dei vil varsle foreldre dersom dei stoppar barn som bryt dei nye reglane.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Barn under 15 år vil ikkje få bot, dei er under kriminell lågalder og går straffri. Men dei må nok rekne med at foreldre og føresette blir varsla og informert om forholdet, seier han.

Les også: Mistet foten etter ulykken på elsparkesykkel: – Jeg skulle hatt forsikring

Mats Rake Iversen
Mats Rake Iversen

El-sparkesyklar i garasjen

Det kan bli mange brukte elsparkesyklar til sals framover.

Mor til jentene, Jeanette Romfo Mikalsen, ler litt over at ho ikkje hadde sjekka nøye reglane, før ho kjøpte bursdagsgåver. No blir dei ståandes i garasjen til jentene er gamle nok.

Jeanette Romfo Mikalsen

Mor Jeanette Romfo Mikalsen meiner reglane burde vore klare samtidig som det blei lov å importere elsparkesyklar til Noreg. I farten gløymde ho å sjekke.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Både eg og faren jobbar slik at vi er heime seint på ettermiddag, så dei rekk jo ikkje noko dersom dei ikkje kjem seg dit på eiga hand eller har foreldre til vener som kan køyre og hente dei, seier ho og legg til:

– Det blei ei kortvarig glede.

Sparkesykkel

Hermine og Kornelia Romfo Mikalsen tidlegare i veka då det framleis var lov for barn under 12 år å køyre elektrisk sparkesykkel. Frå og med i dag er det ulovleg.

Foto: Eirik Haukenes / NRK