Ein godt besøkt Ulsteinhall var på plass før klokka 12 i dag, og den offisielle opninga var klokka 13 med leiar i Dimna IL Trond Berg og president Tore Hordnes.
Mannskoret song høgtidsamt Ja vi elsker, og dermed var konkurransen i gang for fullt.
Klokka 16:05 skal Karsten Warholm springe 400 meter, som i alle fall truleg er høgdepunktet for heimepublikum. Ei tid ned mot 46 blank har vore antyda av trenar Arve Hatløy.