Hopp til innhold

Warholm startet NM med gull og sølv

Karsten Warholm fekk med seg to medaljar frå dagens øvingar i friidretts-NM i Haugesund.

NM-gull til Warholm

GULL: Karsten Warholm sprang inn til NM-gull på 400 meter. I tillegg tok han sølv på 110 meter hekk.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Det vart ein gullmedalje og ein sølvmedalje til Karsten Warholm under friidretts-NM i Haugesund fredag. Warholm sprang først inn til sølv bak Vladimir Vukicevic på 110 meter hekk, før han tok gullet på 400 meteren. Trenar for Dimna IL, Arve Hatløy, fortel at det vart ein bra dag for Warholm

– 400 meter løpet vart litt prega av motvind på den første halvdelen, men Karsten kontrollerte det inn til ein soleklar siger. I tillegg gjekk det bra på 110 meter hekk, så totalt sett er vi svært nøgde.

Overraskande

Karsten Warholm var ikkje den einaste utøvaren frå Dimna IL som deltok i fredagens NM-øvingar. Fride Møller Flatin tok bronse på 3000 meter kappgang på tida 15.24.17, medan Renate Grimstad sprang inn til ein sjetteplass i finalen på 100 meter hekk med tida 14.11. Hatløy fortel at Flatins bronse på 3000 meter kappgang var overraskande.

– Bronsemedaljen til Fride var vel den som overraska oss mest i dag. Ho sette ny personleg rekord med over eit minutt og overraska alle i miljøet her med å ta medalje i dag.

Dobbeltsiger

Det vart god medaljefangst for utøvarane frå Møre og Romsdal under fredagens NM-øvingar. Til saman tok utøvarane frå Møre og Romsdal fem medaljar, og på kvinnenes 5000 meter vart det dobbeltsiger. Silje Fjørtoft frå Ørsta tok gullet på tida 16.44.39, medan Live Solheimdal frå Molde tok sølvmedaljen. Hatløy synest fem medaljar til Møre og Romsdal på ein dag er gledeleg.

– Det er vel litt i overkant av det som har vore vanleg i senior NM dei siste åra, så det viser at friidretten har framgang i vårt fylke og er heilt klart ei gledeleg utvikling.