NRK Meny
Normal

– Heilt uverkeleg

Ålesundsbedrifta Lotics SB stakk av med sigeren då Noregs beste studentbedrift vart kåra torsdag.

Tomas Stavik under NM for studentbedrifter

OVERTALTE JURYEN: Det var Tomas Stavik som representerte Lotics SB under NM. I tillegg til han var også Vibeke Evensen, Jørgen Skarpnes og Dag Roger Lid med på prosjektet.

Foto: Ungt Entreprenørskap

Det var studentbedrifta Lotics SB frå Høgskolen i Ålesund som stakk av med sigeren under NM for studentbedrifter torsdag ettermiddag. Bedrifta stakk også av med prisane for beste HR-bedrift og for beste sosiale entreprenør.

Bedrifta består av fire studentar frå Høgskolen i Ålesund og ideen bak NM-gullet er å bruke avfallsstoff frå settefiskoppdrett til noko positivt ved å bruke det som grønnsaksgjødsel. Tomas Stavik, representerte Ålesundsbedrifta under NM denne veka. Han fortel at det var svært overraskande då juryen las opp vinnaren.

– Det var heilt uverkeleg. Eg sat og rista på hovudet og tenkte at dette kunne ikkje stemme. Det var veldig mange gode idear som kunne ha vunne, men det er sjølvsagt kjempekjekt å gå heilt til topps, samarbeidet om bedrifta har vore svært bra.

Lotics SC var ikkje den einaste bedrifta frå Høgskolen i Ålesund som vann pris under NM, også Arvaken SB gjorde det bra og fekk med seg økonomi og regnskapsprisen.

EM i Lisboa

Vanlegvis blir studentbedrifter avviklast etter eit år, men Stavik fortel at dei har planar om å halde fram med denne ideen. Men aller først skal ungdommane til europameisterskapen i Lisboa der ungdommane skal presentere ideen sin for eit internasjonalt publikum.

– Vi kjem til å gjere det same under EM som under NM, dra utan store forventningar og ha det morosamt. Til hausten kjem vi til å fortsetje med utviklinga med ideen. Då skal vi stasjonere oss i Stordal. I tillegg har vi fått interesse frå eit universitet på Gran Canaria.

Stort Potensiale

I si grunngjeving av vinnaren la juryen mellom anna vekt på det store potensialet til ideen og at den er knytt saman med ei viktig norsk næring. I tillegg til at ideen var nyskapande og miljøvennleg.

Dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal, Kirsten Aure synest det er svært spanande at ei sunnmørsbedrift gjekk av med sigeren under NM for studentbedrifter og har god tru på at Lotics SC sin ide kan slå godt an også i utlandet.

– Dette er jo ein Grøn ide og eg trur den må vere midt i blinken også for eit internasjonalt publikum.