NRK Meny
Normal

Njål brukte fem dagar på denne høgblokka

I Ulsteinvik har familien Vikanes laga sin versjon av skyskraparen Trump Tower. – Eg var truande til å bruke limpistol, seier Njål Vikanes.

Pepperkakehus

Trump Tower har fått plass ved peisen til Njål Vikanes i Ulsteinvik.

Foto: Njål Vikanes / NRK

Ein skipsingeniør, ein lærar og ein helsearbeidar står bak årets peparkakehus i familien Vikanes. Dei har erfaring i byggekunsten, og på merittlista står både Notre-Dame, Operahuset og kyrkja i Ulsteinvik.

Trump Tower pepperkakehus

Skipsingeniøren seier at det ikkje blir lett å overgå årets peparkakehus.

Foto: Njål Vikanes

Etter to års pause fann dei ut at dei måtte slå til med noko stort.

Valet fall på den 202 meter høge skyskraparen Trump Tower stom står i New York. Den er kalla opp etter byggherren Donald Trump.

– Eg fekk streng beskjed om at alt må vere etande. Sjølv var eg truande til å bruke limpistol, ler skipsingeniør Vikanes.

Triks for å unngå ras

Pepperkakehus

Peparkakehuset ragar 1,4 meter over bakken. I røynda er skyskraparen 202 meter høg.

Foto: Njål Vikanes / NRK

Dei røynde peparkakebakarane startar alltid med å rekne ut målestokk, teikne ein modell og bygge den i papp først. Deretter startar jobben med å kjevle ut delane og steike dei harde nok. Deigen kjøper dei ferdig på butikken. Til å feste alle delane brukar dei smelta sukker.

Huset er 1,4 meter og kan ikkje flyttast. For å få konstruksjonen sterk nok og unngå eit stort peparkake-ras, har dei nokre triks. Første bod er at peparkakedelane må vere godt nok steikte.

– Vi har også lagt inn forsterkingar på tvers, for at høghuset ikkje skal sige saman, seier Vikanes. Det har gått med fem kveldar på skyskraparen. Fire til bygging og ein til pynting.

Draumen er Hurtigruta i peparkakedeig

Skipsingeniøren seier at det ikkje blir lett å overgå årets peparkakehus. Med hans bakgrunn er draumen å lage eit skip med peparkakedeig, men det har han nærast slått frå seg.

– Det er ikkje lett å bake eit skrog, men eg har tenkt på om eg skal printe ut Hurtigruta i 3D og legge deig utanpå. Men eg trur ikkje det går, ler Vikanes.

Operaen som pepperkakehus