Hopp til innhold

–Forma mi har aldri vore så bra som no

I helga går startskotet for alpintsesongen i Østerrike. Nina Løseth er i sitt livs form.

Nina Løseth

Nina Løseth frå Spjelkavik har eit mål om fleire pallplasseringar denne sesongen.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Nina Løseth frå Sjelkavik er på plass i Sölden i Østerrike der det er opning av verdenscupen laurdag. I fjor kom ho på pallen med ein tredjeplass i Zagreb, for aller første gang i karrieren og målet er å kjempe om medaljar. No er ho i gang med dei siste førebuingane.

– Eg har aldri vore i så bra form som eg er no. Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg får meir og og meir forståing for kva eg driv med for kvart år, seier Løseth.

Kroppen fungerer betre på ski og ho køyrer på ein litt annan måte enn før. Spesielt i storslalåm har ho kome nokre steg vidare, meiner ho sjølv. I fjor var 9. plass beste plassering i storslålam, men i år vil ålesundsjenta etablere seg betre.

Trenar mentalt

Løseth debuterte i verdscupen i 2006 og har blitt rutinert. Dei siste åra har ho jobba hardt med mental trening og gjennom heile sommaren har ho fokusert hardt på at hovud og kropp skal fungere saman.

– Det spelar inga rolle kor godt du køyrer på trening eller kor god oppkøyringa har vore, dersom ikkje hovudet er med, seier Løseth.

Stressa før renn

Ho har vore ein månad i New Zealand saman med dei norske verdscupjentene og deretter i Sveits. No trenar dei i bakkane i Sölden.

– Alle er kjempespent og vi går rundt med litt sommarfuglar i magen. Folk byrjar å bli litt stressa, seier Løseth. Målet hennar er å fortsette der ho var i fjor.

– Det er klart at det å kjempe om pallplass i kvart renn og køyre bra på ski er eit reelt mål, seier Løseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL