Hopp til innhold

Nilssen blir truleg visepolitimeister

Denne veka blir det klart kvar hovudsetet for det nye Møre og Romsdal politidistrikt skal vere. Den nye politimeisteren, Ingar Bøen, er like usikker som oss andre, men kan opplyse at Arnstein Nilssen truleg blir visepolitimeister.

Arnstein Nilssen

Arnstein Nilssen søkte ikkje på stillinga som politimeister i Møre og Romsdal. No blir han truleg visepolitimeister.

Foto: Roar Halten / NRK

I november vart det bestemt at Ingar Bøen blir politimeister i det nye Møre og Romsdal politidistrikt. Denne veka kjem avgjerda frå Politidirektoratet om det er Kristiansund eller Ålesund som får politimeisteren.

Politimester Ingar Bøen Ålesund

Politimeister Ingar Bøen Ålesund, seier han ikkje veit kvar den nye politimeisteren skal sitte.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Bøen er heilt klar på at han ikkje anar kvar hans framtidige arbeidsplass blir, og må som alle andre vente på avgjerda. Likevel er han ikkje veldig spent.

– Uansett kvar det blir, så er eg klar, seier Bøen, som ikkje ser på det som eit problem om han må flytte til Kristiansund.

Hans noverande arbeidsstad er Ålesund.

I det nye politidistriktet skal det vere ein vikar, med funksjon som visepolitimeister eller assisterande politimeister.

– Det er naturleg at det blir dagens politimeister i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Arnstein Nilssen.

Arnstein Nilssen seier han vil ikkje kommentere om han blir visepolitimeister.

Færre politifolk til Møre og Romsdal

Bøen fortel vidare at dei to «gamle» politidistrikta i ein innføringsfase skal fungere mest mogleg som før, og halde oppe drifta. Den nye organisasjonen skal bygge opp det nye politidistriktet. Dette arbeidet har allereie starta, og Bøen har god tru på at det skal lukkast.

– Vi har laga ein felles verksemdsplan, hatt felles budsjettmøte og felles leiarmøte.

Det har vore antyda at av dei 350 nye stillingane som politiet skulle få, var 11 tenkt til Møre og Romsdal. Men flyktningsituasjonen gjer at Bøen er budd på at det kan bli ei omdisponering, og at færre politifolk kjem til vårt fylke i denne omgang.

– Dette har eg full forståing for. Vi må sjå landet under eitt, og må flytte ressursane dit dei trengst mest.

Bøen ser klare utfordringar med dei mange nye som kjem til landet og fylket. Det gjeld rett og sikker identitet av flyktningane, kva utslag motstanden mot dagens innvandringspolitikk kan få, og dessutan konflikten mellom desse meiningsberarane og dei som meiner det motsette.

Dette er ein ny situasjon for heile landet, men ifølge Bøen har både Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre bygd opp ein tryggleiksorganisasjon som skal ta seg av dei problema som er knytte til migrasjon.

– Mellom anna er det umåteleg viktig å vite kven det er som kjem til fylket, seier Bøen.