Hopp til innhold

Nikka feira 99-årsdagen med song og dans

Det var duka for storstilt feiring i Valldal då Nikkoline Myren Grønning, betre kjent som «Nikka», feira 99-års dagen sin i helga.

Det var duka for storstillt feiring i Valldal då Nikkoline Myren Grønning, betre kjent som «Nikka», feira 99-års dagen sin i helga.

Gledespreiaren Nikka feira 99-årsdagen sin denne helga. Sjå heile feiringa her.

Flagget var heisa til topps og heile bygda var invitert då den populære 99-åringen frå Valldal feira bursdagen sin i helga. Og hovudpersonen sjølv har ikkje lege på latsida.

– Dette er grisesylte som eg har laga sjølv, fortel Nikka medan ho legg opp sylta på eit serveringsfat.

99-åringen innrømmer at ho er spent før det heile bryt laus.

– Ja, eg har drøymt mykje om selskapet, så eg har nesten feira kvar natt. Nokre gongar har ting gått gale, andre gongar har det vore for lite mat, så eg håpar det er nok mat, seier Nikka og smiler det lune smilet som ho har blitt så kjend for.

Ein gledespreiar

Ingunn Linde Valldal

Naboar og vener var fulle av lovord om Nikka. Linda Myren er ein av dei gode naboane som hylla Nikka i går.

Foto: Remi Sagen / NRK
Nikka

Familie og vener hadde møtt opp for å feire 99-åringen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Nikka vart landskjent då NRK laga dokumentar om henne og mange kjenner henne også att frå Norge Rundt. Men 98-åringen har ikkje berre vore på tv-skjermen her til lands. Den sprudlande husmora har også vore på BBC, der ho fekk besøk av dei kjende tv-kokkane Hairy Bikers.

Bygdefolket i Valldal møtte opp mannsterke for å feire Nikka og stod i kø for å hylle jubilanten. Selskapet fann stad på garden der mor til Nikka ein gang vaks opp. No er tunet blitt gjort om til eit hotell, med restaurant i det gamle sauefjøset.

Etter middagen står eit sunnmørsk kakebord for tur. Og lovorda frå naboane var ikkje få dei heller.

– Du er ei rose. Du er den som held humøret oppe på både naboar, familie og heile bygda, så tusen takk at du er den du er Nikka, seier Ingunn Linge Valldal.

– Takk det same, du har vore ei god hjelp for meg, svarar Nikka.

Latteren sitt laust og praten går lett blant borda. Hovudpersonen sjølv smiler og kosar seg.

Til trass for sine 99 år, takkar Nikka ikkje nei når ho vert bedd opp til dans. Og til fengande felemusikk dansar den spreke jubilanten seg inn i kvelden og svingar seg mot dei hundre.

Sjå Folk-episoden med Nikka her:

Norsk dokumentar. Livsglede og virkelyst kjenner ingen alder. 96 år gamle Nikka Myren Grønning i Valldalen elskar livet og fyller dagane med mange ulike gjeremål. Nikka drøymer om å leve til ho blir 110 år.

Nikkoline Myren Grønning frå Valldal elskar å fylle dagane sine med mange ulike gjeremål og drøymer om å leve til ho blir 110 år gammal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL