Hopp til innhold

Ni smitta i Ørsta

Ørsta kommune fekk onsdag kveld melding om ni nye tilfelle av koronasmitta. Alle desse er knytte til fem tilfelle av smitte tirsdag og onsdag, og smitta skriv seg til utbrot i Herøy og Ulstein kommunar. Smittesporing pågår og nokre nærkontaktar blir kontakta i dag. Sidan dette medfører stor pågang ber teststasjonen i Hovdebygda om at dei som er i ventekarantene og ikkje har symptom, ikkje bestiller test i dag.