Hopp til innhold

Ni nye pingvinar

Tysdag fekk Atlanterhavsparken i Ålesund ni pingvinar til, og har no 17 i alt.

Humboldtpingvin i Atlanterhavsparken

Nykommar frå Danmark til Atlanterhavsparken

Foto: Are Pilskog

Dei ni blei henta i Aalborg Zoo i Danmark måndag, og har hatt ein lang og strevsam tur med ferje og bil til den nye heimen sin. Men tysdag formiddag såg dei ut til å trivast i bassenget i Atlanterhavsparken på Tueneset.

- No sit dei på fanget vårt og får klapp og kos, seier Rune Veiseth, som var ein av sjåførane.

Dei 9 nykommarane vart fødde i fjor haust, og er enno berre kyllingar. Dei blir kjønnsmodne i 2-3-årsalderen, og ein kan ikkje vente at det skal bli fleire av dei før tidlegast neste år.

Alle pingvinane i Atlanterhavsparken er humboldtpingvinar, som høyrer heime i Chile og Peru. Dei passar godt i kystklimaet på Vestlandet, for dei er ikkje så glad i minusgrader. Det er nemleg ikkje alle pingvinar som høyrer til i Antarktis; ti artar lever i tempererte strøk.

Humboldtpingvin i Atlanterhavsparken
Foto: Are Pilskog / NRK