NRK Meny
Normal

Ni av ti får dispensasjon i verneområda

Trass i forbod mot inngrep, får ni av ti som søkjer om det dispensasjon for aktivitet i verneområde. Men fylkesmannen meiner det ikkje er teikn på at folk ikkje respekterer vernet.

Tynningshogst i verneområde

Tynningshogst er eitt av tiltaka det blir gitt løyve til, dersom det er til beste for området, som her ved Nåsvatnet i Eide.

Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Lovverket skal sørge for at verneområda ikkje blir øydelagde eller forringa. Likevel er det mange som ønskjer å gjere større eller mindre inngrep i naturen, også der denne har fått eit særleg vern.

Svært mange av desse får altså ja. Heile ni av ti dispensasjonar blir innvilga. Men miljøverndirektør Linda Aaram meiner det ikkje er fordi folk ikkje forstår kor viktig vernet er.

Linda Aaram

Linda Aaram er miljøverndirektør hos fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Eg vil heller seie at det tyder på at mange lar vere å søkje om større inngrep som det vil vere uråd å få løyve til, nettopp fordi dei forstår at området har verdi, meiner ho.

– Ni av ti høyrest jo mykje ut, men det altså oftast snakk om mindre tiltak, ei lita bru eller mindre hogst, til dømes.

Men har de blitt «snillare» med å gi dispensasjonar no enn før?

Nei, det vil eg ikkje seie. Men vi gir dispensasjonar for tiltak som er positive for området og som ikkje er til hinder for formålet til vernet.

Seier oftast nei til transport

Berre i Møre og Romsdal er det i dag 200 naturreservat og andre verna område der det er forbod mot inngrep. Likevel gir lovverket høve til å gi løyve til mindre inngrep. Av 32 søkjarar i Møre og Romsdal i fjor, fekk heile 28 ja. Aaram meiner likevel dei er restriktive.

– Vi meiner det er viktig å ikkje tillat for mange aktivitetar i desse områda, og at vi seier nei til store inngrep, til dømes kommersielle tiltak som ikkje er tenleg for området.

– Kva for søknader gir de avslag på?

– Det er gjerne søknader om transport, for eksempel motorferdsel som tener kommersielle omsyn, men ikkje omsynet til verneområdet, seier Aaram.

Ho understrekar at dei ønskjer at folk skal bruke verneområda.

– Det er bra at folk bruker naturen, også i desse områda. Då er det særleg viktig at vi passar på at det ikkje blir gjort inngrep som skjemmer området sin unike karakter.