NRK Meny
Normal

NHO: – Politikarane må klare å løfte blikket

– Politikarane må klare å tenkje langsiktig når dei no skal ta stilling til om dei vil vere med i ein framtidig storkommune, seier regiondirektør i NHO i Møre og Romsdal, Torill Ytreberg.

Torill Ytreberg

Regiondirektør i NHO i Møre og Romsdal, Torill Ytreberg, er spend på kva som blir utfallet når kommunane skal ta stilling til intensjonsavtalane.

Foto: Trond Vestre / NRK

Eit stort fleirtal av kommunane i Møre og Romsdal skal ha folkerøysting over intensjonsavtalane som blei inngått før påske.

Ola T. Heggem, Ola Rognskog og Lilly Gunn Nyheim

Ordføraren i Surnadal, Lilly Gunn Nyheim frir til ordførarane i Rindal og Surnadal, men det står att å sjå om ho får eit ja.

Foto: Trond Vestre / NRK

På Sunnmøre blir det folkeavrøysting 19.mai i dei kommunane som skal ha det, på Nordmøre og Romsdal 25.april. Nokre kommunar er allereie i gang med forhandsstemming

– Vi snakkar om framtida for ungdomen vår

Torill Ytreberg meiner kommunane har ein historisk sjanse dei ikkje bør spele frå seg.

– Dei må halde blikket langt fram i tid, og så må dei tore å ta dei modige avgjerdene som vi treng no. Vi snakker om framtida for ungdomen vår. Dette gjeld ikkje oss. Dette er ein reform som skal gjelde 40-50 år fram i tid. Derfor må vi ta kloke val no, seier Torill Ytreberg.

Det var under forhandlingane etter stortingsvalet i 2013 at regjeringspartia, KrF og Venstre blei samde om å gjennomføre ein kommunereform. Kommunane må ta si avgjerd innan 1.juli 2016 medan Stortinget skal gjere vedtak om ny kommunestruktur våren 2017.

Til hausten skal fylkesmannen kom med ei tilråding om ny kommunestruktur.

Hektisk

Politikerne i Ulstein diskuterer kommunesammenslåing

Politikarane i Ulstein diskuterer kommunesamanslåing under eit møte på Sæbø

Foto: Trond Vestre / NRK

Det siste året har det vore mange møte, innbyggjarundersøkingar, sonderingar og forhandlingar. Etter nyttår har det vore hektisk. Målet har vore å komme i hamn med intensjonsavtalane før påske. Fleire av kommmunane har inngått både to og tre intensjonsavtalar

Det store spenningsmomentet no er kva kommunane kjem til å gjere i løpet av våren, ikkje minst kva som blir utfallet av forhandlingane mellom bykommunane og landkommunane. I desse intensjonsavtalane er mange kommunar involvert. Avtalen om regionkommunen Ålesund er underteikna av heile 10 kommunar på Sunnmøre.

Vil Stortinget bruke tvang?

Det betyr at et nei i noen få kommunar kan slå beina under heile storkommunen. For det er kvar enkelt kommune som skal ta stilling til om dei vil vere med. Dei fleste skal ha folkerøysting i tillegg til innbyggjarhøyring.

Spørsmålet er om det vil brukt tvang mot dei kommunane som seier nei til samanslåing.

– Då trur eg at det i nokre tilfelle kan bli brukt tvang. Dersom det er kommunar som ligg i mellom andre kommunar som vil slå seg saman, og desse kommunane blir ein bremsekloss så trur eg ikkje at ein vil sitte og sjå på det, seier regiondirektør i NHO i Møre og Romsdal.