Hopp til innhold

Det blir ingen ferjestreik

NHO Sjøfart og tre sjømannsorganisasjonar er blitt einige hos Riksmeklaren. Dermed blir det ingen ferjestreik, som ville ha ramma 33 samband.

Ferja Harøyfjord krysser mellom Molde og Vestnes.

Molde-Vestnes var eit av sambanda som var varsla tatt ut i streik.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Rett før klokka 6 laurdag morgon opplyste riksmeklar Mats Wilhelm Ruland til NTB at det NHO Sjøfart og alle dei tre involverte forbunda er einige.

Først blei det Det norske maskinistforbund einige. Ruland kunne melde om dette rett etter klokka 5.30.

Kort tid etter blei dei også einige i meklingane for Norsk Sjøoffisersforbund og Norsk Sjømannsforbund.

Den opphavlege fristen var ved midnatt natt til laurdag.

Riksmekleren

Riksmeklar Mats Wilhelm Ruland.

Foto: Christopher Isachsen Sandøy / NRK

7 kroner meir i timen

Protokollane frå meklinga viser at alle forbunda blei einige med motparten om eit generelt lønnstillegg tilsvarande 7 kroner per time. I tillegg blir minstelønnssatsane auka med 3 prosent.

Partane blei også einige om fleire andre forbetringar i tariffavtalane.

Då det framleis var fare for streik, melde Statens vegvesen at dei var førebudde og hadde hatt dialog med relevante aktørar for å minimere ulempene for trafikantane ved ein eventuell streik.

– Partane blei einige tidleg laurdag morgon, og det er ikkje ferjestreik i år. Alle ferjesamband vil dermed gå som normalt, skriv dei i ei pressemelding laurdag morgon.

MF «Stavanger» og MF «Oppedal» på Lavik-Oppedal

Sambandet Lavik-Oppedal sto også i fare for å bli råka av streik.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

33 samband

Ein eventuell streik ville ha ramma 33 ferjer frå fem reiarlag i alle fylke med kystlinje unntatt Agder.

Verst ville det ha gått utover Vestlandet og E39, men også store ferjesamband som Moss-Horten, passasjerferja Aker Brygge-Nesodden og hurtigbåten mellom Tromsø og Harstad kunne ha blitt ramma.

Oppgjeret omfatta lønns- og arbeidsvilkår for maskinistar, skipsførarar og besetninga på ferjer og i innanriksfart.

I første omgang stod 292 medlemmer i dei tre forbunda klare til å legge ned arbeidet frå laurdag morgon. Ved opptrappingar av konflikten kunne over 3000 medlemmer ha blitt tatt ut.

Ferge til kai på Vestnes

Ferje til kai på Vestnes.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen, NRK

(NTB)