NHO om transportplanen: – God uttelling for Møre og Romsdal

– Fleire viktige vegstrekningar i fylket blir utbetra, påpeiker regiondirektør Torill Ytreberg i NHO etter at Nasjonal Transportplan blei presentert i går.

Romsdalsaksen

Torill Ytreberg i NHO skulle ønskt tidlegare start for Møreaksen, men er i sum fornøgd med planen regjeringa har lagt fram.

Foto: Øivind Leren / Statens vegvesen

I sum seier ho seg godt fornøgd med det Møre og Romsdal blir tildelt i planen.

– Det er veldig godt levert av regjeringa, seier Ytreberg.

Ho peiker særleg på rassikringspotten blir stor nok til at til dømes skredsikringsprosjektet Eidsdal - Geiranger kan kome i gang. Det er prioritert på topp av slike prosjekt i fylket i dag.

– Vi er veldig godt fornøgde med dei strekningane som har kome med. Skulle likevel sett at Møreaksen kunne blitt starta opp med tidlegare, og ikkje så seint som 2022/2023. Samtidig er det viktig at Hafast er omtalt i planen. Det betyr at vi kan jobbe vidare med dei planane.

– Ingen ambisjon for Strynefjellet

Jenny Følling

«Overraska» er ordet fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane brukar når ho omtalar manglande planar for Strynefjellsvegen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Andre er ikke like fornøgde. Mellom andre er fylkesordføraren i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, skuffa over at riksveg 15 Strynefjellsvegen ikkje ligg inne i regjeringa sitt forslag til Nasjonal Transportplan.

Denne vegen er ei viktig transportåre mellom Sunnmøre/Nordfjord og Austlandet. Men i dag er tunnelane på strekninga gamaldagse og smale.

– I den inneverande planen låg det inne pengar både til rassikring og utbetring. Men dei er no ute av planen, seier Følling.

I forslaget til NTP er Strynefjellsvegen lista opp blant vegar der det må bli sett inn kostnadsreduserande tiltak, men det er ikkje lagt inn pengar til prosjektet.

Følling påpeiker at etter tunnelforskriftene må desse tunnelane bli oppgraderte i løpet av 2019, og at her uansett må skje noko.

– Men i forslaget er det null kroner, og det betyr at ein ikkje har nokon ambisjonar for Strynefjellet dei neste 12 åra. Og det er vi svært overraska over.