Hopp til innhold

NHO krev opprydding i nye miljøkrav

Nye miljøkrav skaper trøbbel for leverandørane. Kristiansund kommune kjøpte inn kontormøblar i sommar, men då klaga leverandøren som tapte anbodet på feil i krava.

Stolar Kristiansund kommune.

SKAPTE PROBLEM: Kjøpet av mellom anna desse kontormøblane gjorde at Kristiansund kommune fekk klager frå både tapande leverandør og Norsk Industri.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Frå nyttår har alle offentlege instansar vore nøydde til å stille krav om miljøprofil ved alle produkt og tenester dei kjøper. Dei kan til dømes krevje at produkta skal vere sertifiserte etter spesifikke miljøordningar.

Leverandørane er nervøse og oppgitt. NHO krev opprydding.

Egil Sundet

Egil Sundet, bransjesjef for møbel og interiør i Norsk Industri.

Foto: Norsk Industri

Frustrerte leverandørar

Det nye regelverket seier ingenting om korleis offentlege innkjøparar kan setje gode krav til miljø. Heller ikkje kva for miljøordningar som er relevante å krevje.

Dermed vert reglane brukt ulikt. Dette skaper store problem for leverandørane, som ikkje veit kva miljøkrav eller ordningar som blir vektlagt.

– Dette er ei stor bekymring for fleire av leverandørane i kontormarknaden, seier bransjesjef for møbel og interiør i Norsk Industri, Egil Sundet.

Regelverket tredde i kraft ved nyttår. Sidan den tid har Norsk Industri sett fleire tilfelle der offentlege instansar har kravd få miljøsertifiseringar, ofte andre enn dei industrien har valt å satse på.

Sundet meiner at når offentlege instansar vel vekk ordningar som både NHO og fleire i bransjen opplever er gode ordningar, skapar dette frustrasjon blant leverandørar som har brukt mykje ressursar på å få god miljødokumentasjon på produkta sine.

Dette tener ikkje miljøet og heller ikkje norsk industri og arbeidsplassar

Egil Sundet, Norsk Industri
Stolar i servicebygg i Kristiansund kommune.

FEKK KLAGER: Kristiansund kommune fekk klager på miljøkrava dei stilte til miljøprofilen til kontormøblar dei kjøpte i sommar. Innkjøpssjef Asle André Orseth meiner at det å stille dei rette miljøkrava er vanskeleg. Han meiner NHO, Difi og leverandørane bør gå saman og kome fram til relevante miljøkrav å stille.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Asle Andre Orseth - leder for Miljøpartiet det Grønne på Nordmøre

ER TENT MED DIALOG: Asle André Orseth, innkjøpssjef i Kristiansund kommune, trur at det både for bransjen og innkjøparane er lurt at bransjen, saman med NHO og Difi vert samde om kva som er gode og relevante miljøkrav å stille.

Foto: Roar Halten / NRK

Fekk klage på anbod

Etter at Kristiansund kommune kjøpte nye kontormøblar i sommar, har dei fått klager på miljøkrava dei valde å stille. Både leverandøren som tapte, men også Norsk Industri meiner at vurderingane som vart gjort var uheldige.

Innkjøpssjef Asle André Orseth vedgår at det ikkje er lett å vite kva krav ein skal stille.

– Det er nok få innkjøparar som har detaljkunnskap om miljøkrav og utfordringa i dag er at det ikkje finst standardiserte rettleiarar. Vi er avhengig av rådgjeving.

Ingrid Bjerke Kolderup

VIL RETTLEIE: Juridisk seniorrådgjevar i Difi, Ingrid Bjerke Kolderup seier at Difi satsar på at dei første rettleiarane skal vere på plass ved årsskiftet. Desse vil i første omgang ta føre seg køyretøy og produkt og tenester kring bygg- og anlegg.

Foto: Difi

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) fekk ved årsskiftet 15 millionar kroner for å drive rettleiing om korleis ein kan ta miljøomsyn i offentlege anskaffingar. Dei hadde ikkje noko praktisk rettleiing på miljøområdet då regelverket tredde i kraft, men er så vidt i gang med å utvikle dette no.

Juridisk seniorrådgjevar Ingrid Bjerke Kolderup, er difor kjend med utfordringa.

– Vi ynskjer å kunne gi råd til offentlege oppdragsgjevarar slik at dei stiller dei same krava. Det er også meir føreseieleg for marknaden.

Per Øyvind Langeland byline

UHELDIG: Per Øyvind Langeland, direktør for næringspolitisk avdeling i NHO, meiner at måten reglane vert brukt slår beina under gode initiativ både frå bedriftene og det offentlege, samstundes som at det gjer det vanskeleg å skape konkurranse på like vilkår.

Vil sende brev til departementet

Per Øyvind Langeland, direktør for næringspolitisk avdeling i NHO, er saman med Norsk Industri positive til regelverket og meiner det er nødvendig å stille krav til miljø. Men dei er opptatt av å klargjere korleis reglane skal brukast.

NHO meiner at det no må ryddast opp i bruken av reglane og arbeidar med eit brev til barne- og likestillingsdepartementet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL