NRK Meny
Normal

NHO fryktar det verste

Møre og Romsdal toler ikkje at den nye kraftlina mellom Sogn og Ørskog blir forseinka med fleire år, seier regiondirektør i NHO i Møre og Romsdal, Torill Ytreberg.

Kraftlinje gjennom vestlandsnatur

Arbeidet i Myklebustdalen i Sogn og Fjordane har blitt stansa som følgje av ei rettsleg avgjerd. Det kan få store konsekvensar i Midt-Noreg.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe skapte storm då han endra traseen for kraftlinja i Sogn og Fjordane og blei skulda for å favorisere lokale Senterpartivener. Stemninga blei ikkje betre då regjeringa sa ja til å legge traseen gjennom eit verneområdet i Bremanger.

No har Gulating lagmannsrett kjent dette vedtaket ugyldig.

Det kan bety at kraftlinja mellom Fardal og Ørskog blir kraftig forsinka – ikkje minst dersom saka blir anka til Høgsterett.

Det skaper ein usikker situasjon, meiner NHO.

Brotne lovnader

– Vi fekk ein lovnad på at det her skulle vere ferdig i 2015. So fekk vi beskjed om ei utsetting og no anar vi ikkje lenger kva som skjer, seier Ytreberg, og peikar på at nettet på Søre Sunnmøre er veldig sårbart. Det kan lett oppstå feil.

Torill Ytreberg

Regiondirektør i NHO i Møre og Romsdal, Torill Ytreberg, meiner Møre og Romsdal slett ikkje har råd til å vente i fleire år på ny kraftlinje.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ho fryktar at vi igjen vil få stormar som Dagmar, og seier at om nettet då kjem ned, er det ingen som veit kor lang tid det tar før Møre og Romsdal er kopla på att.

Det kan ta to, tre, fire år før ny kraftlinje er på plass, ingen veit. Det er heilt uhaldbart og ein fullstendig uakseptabel situasjon for alle som er busett i Møre og Romsdal.

Fryktar tørrår

Men det er ikkje berre stormar og uvêr som skremmer. Ytreberg fryktar og konsekvensane av ein tørr vinter. Lite nedbør kan gjeve ei stor utfordring utan ei kraftlinje på plass.

– Vi er glade for at vi har hatt ein fin vinter og ein flott sommar, men om det held fram lovar det ikkje godt for straumsituasjonen. Då kan vi gå mot tørrår, og det er alvorleg.

Heilt avhengig av ny linje

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) seier utsettinga i seg sjølv er alvorleg fordi det dreier seg om ei linje som er sårt nødvendig. Linja skal sikre straum når det er lite i fylket, i tider som no med lite nedbør og lite vatn i magasina.

Jon Aasen

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, er frustrert over kraftlinja mellom Sogn og Ørskog blir forseinka.

Foto: Trond Vestre

Aasen seier Møre og Romsdal er eit av fylka med dårlegast straumforsyning i Norge. Her brukast nesten dobbelt so mykje som vi produserer sjølv.

Fylket har allereie ei kraftlinje i nord mot Aukra og Ormen Lange, men den nye linja skulle sørge for betre forsyning i sør. Aasen seier Møre og Romsdal er heilt avhengige av denne linja, som skulle gi sopass bra forsyning at fylket slepp unødvendig høge straumprisar.

– Vi får berre håpe på pøsregn utover hausten. Dersom det ikkje kjem kan vi gå tomme, og då vil straumprisane gå hardt utover både bebuarar og næringslivet.