Hopp til innhold

NFF: Klubbane og supporterane må ta ansvar for hatprat

Henrik Lunde i Norges Fotballforbund (NFF) rosar lagleiar Siw Bergsås frå Molde for å løfte opp problematikken med hetsing på fotballarenaen.

Rosenborg-supporterne hater Molde

Uttrykket «Hater Molde» har mellom anna blitt brukt av Rosenborg-supporterar i ei årrekke.

Foto: Roar Halten/NRK

Tysdag skreiv NRK om Molde sitt J16-lag som opplevde at eit anna lag rope «Hater, hater, hater Molde by» under ein kamp på Norway Cup. Uttrykket har mellom anna blitt bruk av Rosenborg-supporterane opp gjennom åra. Siw Bergsås, leiar for jentelaget, var blant dei som reagerte. No meiner ho det er på tide å få slutt på denne type hetsing i alt frå eliteserien til breiddefotballen.

Siw Bergsås

Siw Bergsås meiner det no er på tide at klubbane tek grep for å få slutt på hetsande tilrop i fotball.

Foto: Sindre Murtnes / NRK

– Vi må gå inn i kjernen av problemet, og eg meiner det er noko leiarane i mange klubbar må ta tak i. No har dette spreidd seg, og vi er nøydd til å ta eit standpunkt og seie at dette ikkje er greitt lenger, sa Bergsås.

No får ho støtte av Henrik Lunde, seksjonsleiar for barn og ungdom i Norges Fotballforbund (NFF).

– Eg trur det er bra at denne saka har fått så mykje merksemd. Det kan kanskje føre til at fleire tenker seg om. Det er viktig at dette blir sett på dagsordenen, seier han.

Klubbane må ta ansvar

Lunde meiner at både klubbane og supporterane må ta eit ansvar for å hindre hetsing. Samtidig må dei ta diskusjonane om kva rop, tekstar og songar som blir sett på som akseptable, seier han.

Norway Football Federation Staff Photo Shoot

Henrik Lunde meiner det er viktig at klubbane og supporterane tek diskusjonane om kva ord og uttrykk som er greitt å bruke.

Foto: Trond Tandberg / Getty Images

– Nokre uttrykk er ein kanskje så vand med at ein nesten gløymer kva dei betyr. Er det greitt at supporterane står å synge hetsande songar når barn og ungdom er til stades? Det er eit problem dersom dei plukkar det opp frå folk dei ser opp til, og så tek det med seg ut frå fotballarenaen.

Då er det viktig at foreldra, trenarane og andre vaksne er gode forbilde, meiner Lunde.

– Mange spelarar og foreldre i barne- og ungdomsfotballen er også supporterar for A-laget til klubben. Der kan ein lære ein supporteråtferd som ein tek med seg vidare. Vi prøver å gjere vårt med å ha fokus på «Fair Play», foreldrevettreglar og kampvertar i barnefotballen.

– Viktig å ta diskusjonen

Seksjonsleiaren seier vidare at mange klubbar er flinke til å jobbe med desse problemstillingane. Han vektlegg at det har skjedd ei positiv utvikling i mange supportermiljø dei siste åra, særleg i forhold til homofilihets og rasisme. Lunde vektlegg likevel at det er viktig med ei bevisstgjering.

– Diskusjonen må bli haldt i live i supporterklubbane. I tillegg må styra i klubbane ta eit ansvar frå toppnivå og ned til aldersbestemt på korleis dei vil at klubben sine tilhengarar og foreldre verkar overfor omverda.

Lunde meiner at det må vere plass til rivalisering mellom ulike fotballag, men synest det har skjedd ei gliding i språkbruken dei siste åra, både på sosiale medium og i kommentarfelta.

– Vi seier og skriv mykje styggare ting til kvarandre enn vi gjorde tidlegare, og dette kan dessverre bli med ut på fotballbana. Det kan vere vanskeleg å hindre all hets. Men det viktigaste ho gjorde i denne saka var at ho tok det opp der og då, med dei det gjaldt. Det er eit råd fleire bør følgje, seier han.