Hopp til innhold

NFF legg vekk Riise-hets

Fotballforbundet seier seg ferdig med saka etter at Bjørn Helge Riise vart hetsa på Color Line Stadion i haust.

Bjørn Helge Riise
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Det var i siste serierunde mellom AaFK og Lillestrøm tilropa kom .

Episoden blir no lagt død, seier seksjonsleiar for forvaltning og juss i fotballforbundet, Roger Ness.

Beklaga raskt

- Vi har fått rapportar og fått stadfesta at det kom tilrop frå tilskodarar retta mot Bjørn Helge Riise, seier Ness.

Det var i kampen mellom AaFK og Lillestrøm tilropa kom. Både mora til spelaren, Berit Riise, og AaFK-trenar Kjetil Rekdal var veldig kritiske etter kampen.

Både AaFK og supporterklubben Stormen beklaga raskt det som var skjedd, og no vel altså fotballforbundet å legge vekk saka, etter å ha fått dei forklaringane dei var ute etter.

Uheldig episode

- Vi syns dette er uheldig. Det høyrer ikkje heime på ein Tippeliga-arena, seier Ness.

- Samstundes har klubben handtert det på ein bra måte, dei har beklaga det sterkt, dei har unnskyldt seg overfor dei aktørane som har vore involvert, og dei unnskyldningane er akseptert , fortel han.

- I tillegg har ikkje AaFK noko historikk hjå oss på arrangementsmessige overtramp, dermed finn vi det naturleg å avslutte denne saka på denne måten, seier Roger Ness.