Hopp til innhold

Nettsider til kommunar over heile landet var nede

Nettsider til ei rekke kommunar over heile landet var ustabile fredag på grunn av eit dataangrep.

Nettsida til Ålesund kommune er nede.

NEDE: Ålesund er ein av mange kommunar som har hatt problem med nettsidene sine fredag.

Foto: Skjermdump

Fredag føremiddag opplevde kommunar og fylkeskommunar over heile landet problem med nettsidene sine.

Anette Weibust Petersen i Ålesund kommune sa til NRK i 10.00-tida fredag at det ikkje var mogleg å bruke deira nettsider. Det skuldast at leverandøren deira, Acos, hadde problem.

– Dei jobbar for å finne ei løysing slik at nettsidene blir oppe igjen, sa Petersen.

Også i Herøy kommune i Møre og Romsdal var sidene delvis utilgjengelege.

Det er uheldige for innbyggjarane at dette skjer. Vi håper problemet løyser seg raskt, sa kommunikasjonssjef i Herøy kommune, Svein Arne Orvik til NRK fredag føremiddag.

Hadde ei hending

Acos leverer nettenester til ein rekke kommunar og fylkeskommunar. På sine eigne nettsider skriv dei at dei har avtalar med 260 kommunar.

Problemer med nettsida til Volda kommune.

Det var ikkje mogleg å kome inn på nettsidene til ei rekke kommunar fredag føremiddag. Leverandøren Acos har ein avtale med 260 kommunar.

Foto: Skjermdump

Bent Inge Storheim, dagleg leiar i Acos, seier at dei hadde ei pågåande hending som dei undersøkte, men at det fredag ettermiddag ser ut som dei kommunale nettsidene er tilgjengelege igjen.

– Det ser ut som det er eit retta DDoS-angrep mot ein av våre kundar, som har fått konsekvensar for fleire, seier Storheim.

Han fortel vidare at dei jobbar ut frå den teorien og at dei gjer fortløpande tiltak saman med underleverandøren.

Mange kommunar blei råka

Janne Stang Dahl, kommunikasjonsdirektør i Datatilsynet, sa fredag føremiddag at dei så langt hadde fått ei avviksmelding om eit mogleg dataangrep, frå Aukra kommune.

Janne Stang Dahl, konstituert direktør i Datatilsynet.

Janne Stang Dahl i Datatilsynet forventar at dei vil få fleire meldingar frå kommunane i løpet av dagen.

Foto: Ilja C. Hendel / © Ilja C. Hendel

Det ser ut som eit vanleg tenestenektangrep, det ein også kallar for DDoS. Det betyr at ein gjer ein teneste utilgjengeleg. Men det er for tidleg å seie noko meir, seier ho.

Dahl seier at dei førebels ikkje har fått melding om at personopplysningar er på avvege.

Vi ser an situasjonen til vi veit noko meir. Vi ventar at vi vil få fleire meldingar frå kommunane i løpet av dagen.

Asbjørn Finstad, avdelingsdirektør for strategisk IKT og digitalisering i KS, seier at såkalla tenestenektangrep er ein kjent metode for å ta ned nettsider.

– Det hindrar kommunane frå å tilby tenester på sine nettsider. Denne typen angrep fører normalt ikkje til tap av data eller brot på innbyggarane sitt personvern.

Finstad meiner likevel at angrepet er alvorleg.

– Vi forventar at kommunane, saman med sine leverandørar, får handtert angrepet snart og har tilgjengelege nettsider igjen.

Har hatt problem heile veka

Isabelle Helgås i Verdal kommune seier at dei fekk melding om problem allereie i går.

– Nettsida vår er litt ustabil i dag, men det kjem vel etter kvart, seier ho.

Voss herad har hatt problem til og frå sidan måndag. Tor Halvorsen, stabssjef for innbyggarservice, seier dei varsla Acos allereie då.

Dei neste dagane fungerte nettsidene igjen, før dei var nede igjen fredag føremiddag.

– Då var det litt armar og bein her. Vi har lagt ut informasjon til innbyggarane våre på Facebooksidene våre. Elles er det lite vi kan gjere for å påverke situasjonen utover å vente, seier Halvorsen.

Han fortel at enkelte tilsette har møtt på utfordringar i morgontimane fordi nettsida deira har lenker til ein del andre datasystem som kommunetilsette bruker dagleg.

– No har alle tilsette fått tilsendt eit eige dokument med lenker til alle dei andre systema vi nyttar oss av, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL