Nettselskap får bøter

Ei rekkje nettselskap får bøter for manglande rapportering av måleverdiar i straumnettet. Stabile målingar er avgjerande for at samfunnet skal dra nytte av digitaliseringa av straumforsyninga, skriv NVE. I Møre og Romsdal har Istad Nett, Nordvest Nett, Rauma Energi Nett, Stranda Energi Nett og Sykkylven Energi fått dagbøter. Dagbøtene er på mellom 1000 og 5000 kroner, melder NVE.

Kraftmast i Surnadal
Foto: Eirik Haukenes / NRK