Internettsamarbeid mellom kommunane i fylket skal føre til at kriser og katastrofer vert behandla betre og meir effektivt.
All informasjon som kommunane treng i krisesituasjonar skal samlast i ein database, slik at få tastetrykk på datamaskinen skal gje all naudsynt informasjon.
Ole Michael Rakvåg som er rådgjevar hos Fylkesmannen, seier at innbyggjarane i Møre og Romsdal vil verte tryggare med eit slikt samarbeid.
Aud Lindis Ødegård som er konsulent i Norddal kommune, seier kommunen er flink i handtering av kriser. Dette fordi dei har opplevd mange forsvinningar, og fordi kommunen er svært skredutsett. Men ho presiserer at dei no kan verte endå betre.
UT:
Konsulent i Norddal kommune, Aud Lindis Ødegård, til reporter Anna-Karina Brandal.