Hopp til innhold

Nettmøte om mobbing tysdag

Mobbing på Internett kan få alvorlege følgjer. Tysdag har vi hatt nettmøte om saka.

Nettmobbing
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Tysdag stilte nettekspert og høgskulelektor Kjell Antvort i studio i NRK Møre og Romsdal for å snakke om fenomenet nettmobbing.

Han var med i føremiddagssendinga i NRK P1 tysdag frå klokka 11, og svara på spørsmål frå klokka 12 til 13.

I føremiddagssendinga var også elevar frå Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund med.

Artikkelen held fram under biletet.

Kjell Antvort

Kjell Antvort svarar på spørsmål frå nettbrukarane

Foto: Svein Smørdal / NRK

Vaksne må ta ansvar

NRK Møre og Romsdal har den siste veka sett nærare på fenomenet nettmobbing, etter at politiet fortalde om ein samanheng mellom mobbing og sjølvmord.

Les og sjå fjernsynsinnslaget: Nettmobbing kan ha ført til sjølvmord

Ungdom i Ålesund svarte med å be dei vaksne om å ta meir ansvar.

- Mange vaksne trur at mykje av det som går føre seg berre er uskuldig moro. Men det er det ikkje, sa Kong Man Lau til NRK fredag.

Forsterka verknad

Barnepsykolog Manuela Strauss meiner nettmobbinga kan vere verre enn den vanlege ein-til-ein-mobbinga som ein såg tidlegare.

- Det blir forsterka ved at ein kan mobbe anonymt, og at mange fleire kan vere med på mobbing over internett, sa Strauss til NRK.

Har du spørsmål til Antvort kan du altså sende dei inn allereie no.

Frå klokka 12 tysdag kan du også lese svara frå nettmøtet her .

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL