Slår alarm etter netthets og drapstruslar i oppheita vegdebatt

Fylkesrådmannen blir sjikanert og karikert som «Pinocchio» etter å ha uttrykt seg kritisk til milliardveg, medan andre i administrasjonen har fått drapstruslar. No slår mobbeombodet alarm.

Kristin Øksenvåg, mobbeombod i Møre og Romsdal

Mobbeombod i Møre og Romsdal, Kristin Øksenvåg, meiner folk må ta seg saman og begynne å oppføre seg.

Skal ein stoppe ein veg som ifølgje fylkesrådmannen kan koste 5,6 milliardar kroner – og som kan gå utover nesten alle andre investeringar i fylkeskommunen dei neste 10–15 åra?

Eller skal ein halde fram bygginga av vegen som skal gi fastlandssamband til 2700 innbyggjarar?

Desse spørsmåla har ført til eit enormt engasjement på Vestlandet dei siste vekene. Og frontane blir hardare og hardare.

Rådmann som Pinocchio

– No har det gått for langt. Særleg når det er fylkespolitikarar som deler slike bilete av tilsette i fylkeskommunen, seier Frøydis Austigard til NRK.

Politikaren sit sjølv i fylkestinget for Venstre. Ho reagerte kraftig då ho torsdag kveld oppdaga eit manipulert bilete av fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik på Facebook.

Guttelvik hadde fått lang nase på biletet, slik som barnebokfiguren Pinocchio, som fekk lengre nase til meir han laug.

«Er det bare jeg, eller har nesen til Ottar begynt å vokse?» melder vedkomande som la ut biletet.

Biletet vart delt av mellom andre Randi Karin Asbjørnsen, som sit på fylkestinget for Sunnmørslista.

– Eg tenkte ikkje så mykje over det. Frå mi side var dette meint som humor. Kanskje synest Ottar (Brage Guttelvik) også det var morosamt, seier Asbjørnsen til NRK.

Ho valde likevel å slette delinga etter nokre timar.

Asbjørnsen er blant dei som meiner Nordøyvegen bør byggast.

Nordøyvegen

Nordøyvegen skulle eigentleg koste 3,8 milliardar kroner. Seinare er ramma auka til 4,9 milliardar. Dei siste opplysingane frå fylkesrådmannen viser at prisen no kan auke til 5,6 milliardar kroner.

Foto: NRK

Har meldt drapstruslar

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik er ikkje den einaste som får gjennomgå på Facebook.

– Skyt begge to, skreiv ei kvinne i kommentarfeltet til Sunnmørsposten.

Kvinna sikta til to av Guttelvik sine næraste medarbeidarar, samferdselssjef Arild Fuglseth og assisterande fylkesrådmann Gunn Randi Seime.

Fylkeskommunen har meldt denne drapstrusselen til politiet.

Rasmus Myklebust ved tunnelinnslaget på Harøya

Arbeidet med Nordøyvegen har allereie starta opp. Her frå eit tunnelinnslag på Harøya, ei av øyene som skal nyte godt av Nordøyvegen – dersom han blir realisert.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Mobbeombodet slår alarm

Kristin Øksenvåg, mobbeombod i Møre og Romsdal, ber no om at folk skjerpar seg i sosiale medium.

– Det vi ser no er rett og slett hetsing og sjikanering. Det finst ingen unnskyldningar, seier Øksenvåg til NRK.

Fylkeskommunen slår no alarm og sende fredag føremiddag ut eit skriv om situasjonen.

– No må vi stoppe. Det er greitt at ein er ueinige. Det er mange kjensler her. Men dette går ikkje. No må vi ta oss saman og begynne å oppføre oss, varslar Øksenvåg.

Ho får støtte av Venstre-politikar Frøydis Austigard.

Ottar Brage Guttelvik

Slik ser Ottar Brage Guttelvik ut i dag, utan manipulert nase.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Om ikkje politikarar klarer å skikke oss i sosiale medium, kan vi heller ikkje rekne med at andre gjer det. Vi må stå fram som gode førebilete, seier Austigard.

Kor vidt Nordøyvegen blir realisert eller ei blir bestemt i fylkestinget i Møre og Romsdal 10. desember.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik ønskjer ikkje å kommentere saka.