NRK Meny

Neteland tilbake i Fjord1

Dagfinn Neteland blir på ny administrerande direktør i Fjord1. Det skjer elleve månedar etter at han forlot den same stillinga. Styreleiar Pål Wergeland Lorentzen er glad for at Neteland har takka ja til stillinga. – Med Dagfinn Neteland bak roret vil det igjen skapast tryggleik for at Fjord1s utvikling skjer i riktig retning og i dei rette farvatn, til beste for både kundar, tilsette og eigarar, seier han.

Dagfinn Neteland ny sjef i Fjord1
Foto: NRK / pressefoto