Hopp til innhold

Nesvik ny fylkesmann

Frp-veteranen Harald Tom Nesvik blir fylkesmann i Møre og Romsdal. Tar over for Lodve Solholm i 2019.

Harald Tom Nesvik sitter smilende ved et bord. Folder hendene på bordplaten

Harald Tom Nesvik er utnemnt til fylkesmann fredag.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Både Solholm og Nesvik har vore profilerte politikarar i Framstegspartiet.

– Vi får på plass ein dyktig leiar med solid erfaring og god kjennskap til fylket, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Nesvik vart utnemnd i statsråd fredag.

Jan Tore Sanner på pressekonferanse

– Nesvik har god kjennskap til fylket, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Foto: regjeringa.no

NRK melde i april at fire personar søkte om å bli fylkesmann.

Femtiåringen Harald Tom Nesvik har site på Stortinget sidan 1997. I dag er han parlamentarisk leiar for Framstegspartiet.

På tinget har han site i fleire komitear, og han har vore medlem i Europautvalet.

Nesvik har utdanning frå Møre og Romsdal fiskeritekniske høgskole, og han har gjennomført sjefskurset ved Forsvarets høgskole,

Lodve Solholm

Harald Tom Nesvik tar over for Lodve Solholm (bildet), men ikkje før 1. januar 2019.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL