NRK Meny

Her er vikaren for Siv Jensen

Ålesundaren Harald Nesvik tar over som parlamentarisk leiar i Frp under regjeringsforhandlingane.

Harald Tom Nesvik

Harald Nesvik tar mellombels over som parlamentarisk leiar i Framstegspartiet.

Foto: Terje Reite / NRK

Artikkelen er flere år gammel.

Medan leiinga i Framstegspartiet er på Sundvolden og forhandlar regjeringsavtale med Høgre, tar Harald Nesvik mellombels over jobben som parlamentarisk leiar for Siv Jensen.

– Inntil den nye regjeringa er på plass, treng vi nokon som tar ansvaret i Stortinget, for der går jo det daglege livet som før. Det vart eg som fekk den jobben, seier Harald Nesvik.

Tillitserklæring

Han har vore i Stortinget i 16 år og er valt inn for fire nye år. Det å få vikariere som parlamentarisk leiar tar han som ei stor ære og ei tillitserklæring.

– Dette er jo den fremste posisjonen i Stortinget, seier Nesvik.

Han meiner at ein god parlamentarisk leiar både er ein god lyttar og forhandlar.

Historisk avtale

Kan du tenkje deg denne jobben på permanent basis?

– Mi innstilling er at eg bidreg der partiet har behov for meg, så det får dei avgjere. Men det er ein svært viktig posisjon i åra framover, seier Nesvik.

Han seier at sjølv om det er inngått ein historisk samarbeidsavtale mellom Høgre, Frp, Venstre og KrF, har makta blitt flytta tilbake til Stortinget. Slik har det ikkje vore dei siste åtte åra med raudgrøn regjering.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.