Hopp til innhold

Nesten tropenatt i Tafjord - men no droppar temperaturane

Mange stader på Nord-Vestlandet kunne folk oppleve temperaturar over 20 grader i går kveld. I Tafjord på Sunnmøre var det nesten tropenatt. Der var lågaste målte temperatur i natt på 19,2 grader.

Skodda kjem sigande over Ørskogfjellet
Foto: Heidi Ringdal

Meteorolog Kjersti Opstad Strand

Statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand stadfestar at Møre og Romsdal har hatt uvanleg haustvêr denne helga.

Foto: Kamilla Pedersen

Vestlendingar tenkjer nok meir på sidelengs regn og tjoring av trampolinar når det blir snakk om haust. Men det siste døgnet har temperaturen meir bore bod om sommar og badever på Nordveslandet. Og det veit mange å setje pris på.

– Dette er slett ikkje kvardagskost i oktober, nei. Det seier vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet, Kjersti Opstad Strand.

Der har dei merka seg dei uvanleg høge oktober-temperaturane laurdag kveld og natt.

Høgste målte temperatur i landet vart målt til 21,6 i Tafjord klokka 22 i går kveld.

Sunndalsøra var nesten lik med 21,1 på same tid. Over heile Nordvestlandet blei det målt uvanleg høge temperaturar, mellom anna kunne Østa/Volda skilte med 20,7 grader klokka 01.00.

Skuldast varme vindar

Det er ein kombinasjon av varm sørleg luft over Sør-Norge og skyer som har lege som eit isolerande lok over varmen nattetid, som har skapt fenomenet, seier meteorologen. Slik har vamren halde seg stabil.

– I Tafjord har nok også den søraustlege vinden gitt ein føneffekt som gjer at temperaturen held seg stabilt høg, seier Opstad Strand.

Også lenger sør på Vestlandet kunne folk fleire stader melde om uvanleg milde temperaturar laurdag ettermiddag, men der blei opplevinga kortare, seier meteorologen.

– Kaldfronten kom tidlegare lenger sør, så dei har ikkje hatt like høge nattetemperaturar som Møre og Romsdal.

Men no er det slutt ....

Men ingenting varer evig. Og no blir det meir normalt haustvêr også i Møre og Romsdal, om enn utan dei velkjende hauststormane dei på ei stund enno.

– Det som er venta å skje er at temperaturen skal falle merkbart utover søndagen. Det kjem sørfrå, så Sunnmøre merkar det først. Men dette vil breie seg nordover til Romsdal og Nordmøre ut over dagen, seier Opstad Strand.

Regn frå vest og ein kaldfront vil breie seg gradvis over heile fylket. Og dermed kan folk i Møre og Romsdal nærmast følgje kaldfronten på gradestokken.

–Folk vil kunne sjå temperaturen gå ned i takt med at den kalde lufta kjem inn, så det vil vere heilt merkbart, seier meteorologen. – I løpet av dagen temperaturen gå ned med 6 til 10 grader dei fleste stader.

– Ei utfordring for meteorologane

Med ei helg der vêret skiftar frå minutt til minutt har det vore hektisk hos Vervarslinga på Vestlandet. Men Opstad Strand seier dette er verskifter som gjer det kjekt å vere på jobb.

– Denne helga har vore spesiell, ja. Det er utfordrande når vêret skifter så raskt, men det er jo interessant å jobbe når vêret forandrar seg heile tida. Så dette er kjekt, seier ho til NRK.