NRK Meny
Normal

Desse artistane kjem til «jazzen»

Moldejazz har presentert sitt nest siste artistslepp før opninga.

Kristin Asbjørnsen

Kristin Asbjørnsen ensemble har med seg den sørafrikanske a capella-gruppa Ladysmith Black Mambazo til Moldejazz 2014.

Fleire nye namn vart sleppt under pressekonferansen til Moldejazz onsdag. Dette er det nest siste artistsleppet før «jazzen». Dei lover verdspremiere, nytt eksklusivt materiale, kritikarroste minternasjonale artistar og festivalsamarbeid.

Kristin Asbjørnsen ensemble har med seg den sørafrikanske a capella-gruppa Ladysmith Black Mambazo. Asbjørnsen er ein av dei mest markante stemmene i norsk jazz og pop, ifølgje festivalsjef Anders Eriksson.

– Eg ser fram til ein ny musikalsk reise saman med så fine songarar og menneske. Settingen blir annleis enn i Sør-Afrika, der vi berre song a capella, seier Asbjørnsen.

Ho forklarer at denne gongen skal gruppa i større grad inngå i hennar ensemble, og skal spele under opningskonserten i Bjørnsonhuset.

Desse artistane blei òg sleppt onsdag:

  • Meistermøte mellom den italienske pianisten Stefano Bollani og den brasilianske bandolimisten Hamilton de Holanda, som også blir remixa live av Artist in residence Sidsel Endresen.
  • Ein ny norsk superkvartett, Reflections in Cosmo med medlemmane Kjetil Møster, Hans Magnus ”Snah” Ryan, Ståle Storløkken og Thomas Strønen.
  • Den kubanske pianisten Alfredo Rodriguez i kvintettformat
  • Mopti slår seg saman med DJ Bendik Baksaas.
  • Nytt og eksklusivt materiale frå bassisten Ellen Andrea Wang.
  • Den amerikanske trommisen Terri Lyne Carrington
  • Den danske Ibrahim Electric
  • Karl Seglem serverer konserten Morgonspor.
  • Dei svenske jazz-hip hop'arane i Movits.
  • Red Hot skal opptre i Alexandra-parken for sjuande gong.