NRK Meny

Nektar straffskuld

Ein 20 år gamal mann som er tiltalt for å ha valdtatt ei 14 år gamal jente inne på ein skule på Nordmøre, nektar straffskuld. Ifølge forsvarar Olav Cecil Bowitz vedgår han dei faktiske forholda, men seier han ikkje forsto at ho ikkje ville. Wenche Branstad, som er advokat for jenta, ønskjer ikkje å kommentere dette. Saka startar i Nordmøre tingrett i dag, og det er sett av to dagar.