Hopp til innhold

Nektar for å drive med ulovleg drosjekøyring

Den polske sjåføren som blei stoppa etter tips frå drosjesjåførar på Vigra søndag ettermiddag nektar for å ha gjort noko gale. Han seier han berre henta vener.

Ålesund airport transfers minibuss

Den polske sjåføren som er mistenkt for ulovleg persontransport utan løyve eller kompetanse hevdar han berre henta to vener på Vigra søndag ettermiddag.

Foto: Tipser

Den polske sjåføren som bur på Søre Sunnmøre med familien sin, blei søndag ettermiddag stoppa av politiet i Ålesund, etter tips frå drosjesjåførar på Vigra. Dei hevdar at han har vore på flyplassen mange gongar og plukka opp kundar, og dette fekk politiet til å aksjonere.

Men han avviser at han har gjort noko gale.

– I går ringde ein venn av meg frå verftet og ba meg om å hente han og nokre vener på flyplassen, og eg svarte "ja, ingen problem", seier han og legg til at han tok med seg ungane til Ålesund på søndagstur, og henta kameratane på Vigra søndag ettermiddag.

Mannen ønskjer ikkje å bli identifisert.

Kallar seg "Ålesund Airpoirt Transfers"

Bilete NRK har fått viser at bilen hans er dekorert med påskrifta "Ålesund Airport Transfers". Med store bokstavar står det også skrive at han går frå Vigra flyplass til ei rekkje stader på Søre Sunnmøre.

Vidare står det mobilnummer hans. Sjølv seier han at påskrifta blei gjort i Polen i jula, for å spare pengar, og at han ventar på godkjenning.

– Betyr det at nokon har ei påskrift på bussen at dei ikkje kan køyre han privat, spør han i ein sms til NRK Møre og Romsdal.

Laster Twitter-innhold

Mistenkt for ulovleg persontransport

Mannen er ifølgje politiet mistenkt for persontransport utan løyve eller kompetanse. Etter å ha blitt stoppa i Sula og forklart seg på staden, blei han difor meld til politiet, som no vil etterforske saka.

Men sjølv står han fast på at han berre henta vener, og ikkje fekk pengar for å ha henta dei.

Eg sa til politibetjenten at ho kunne sjekke lommene mine og bussen, eg har ikkje pengar, seier han.

Avviser ulovleg transport

Politiet stoppar ulovleg drosje

Mannen med minibussen blei stoppa av politiet i Sula, på veg frå Vigra til Søre Sunnmøre, etter tips frå drosjesjåførar på Vigra.

Foto: tipser

Det var drosjesjåførar på Vigra som søndag ettermiddag varsla politiet, då dei såg den kvite minibussen på flyplassen. Ifølgje dei har han vore der mange gongar og henta folk, og no villle dei ha ein slutt på det. Mannen avviser det heile.

Nei, nei, nei, nei, nei, denne veka henta eg kona og borna mine som kom tilbake frå Polen, seier han.

Men har du køyrt til flyplassen og henta vener før?

Nei, berre to gongar denne veka og ein gong for tre månader sidan henta eg ein ven, seier han og legg til at han kjenner norske reglar og det høge bøtenivået for folk som køyrer drosje ulovleg.

Vil starte sitt eige selskap

Mannen, som har budd i Noreg i snart tre år, arbeider for tida i verftsnæringa. Han har starta sitt eige transportselskap, og seier han ventar på det formelle løyvet til å starte opp, frå Statens vegvesen.

Planen er å køyre utanlandske arbeidarar mellom verftet og flyplassen. På spørsmålet om kvifor han trur drosjesjåførane på Vigra har varsla politiet, seier han det må vere fordi han parkerte bussen sin ulovleg nær inngangen.

Eg er ein rettskaffen innbyggjar. Eg vil berre ha arbeid i Noreg, og betale skatt, eg er ingen svindlar, seier han.