Nektar bubilturistane å overnatte på rasteplassar

Bubilane står tett i tett på norske rasteplassar. Enkelte stader har Vegvesenet fått nok og legg ned forbod. Mange bubilturistar fortvilar og ønskjer framleis å campe gratis.

Bobil Skjevlingneset rasteplass ved Bergsøysundbrua på Krifast

Her på Skjevlingneset ved Bergsøysundbrua på Kristiansund fastlandssamband er det fullt opp med bubilar sommarstid. No har Vegvesenet fått nok. Her og ved Trollstigen blir det forbod mot å stå meir enn to timar.

Foto: Terje Reite / NRK

Skodda heng lågt ned i fjella denne morgonen ved det store bru- og tunnelsambandet ved Kristiansund. På rasteplassen er det morgonstemning. Ei kvinne står ved toalettet og pussar tennene. Ein mann luftar bikkja. Dei fleste bilane har framleis gardinene trekt for. Men det gryr av dag og i eit par av bubilane får dagslyset sleppe inn.

– Vil campe billeg

Bubilane står rundt heile plassen. Denne morgonen midt i veka er det 15. Om dei pressar seg endå tettare saman er det plass til 20. Slik var det søndagen før.

– Dette er slik vi vil ha det. Eg, kona og hunden Chico reiser rundt i Europa i ferien. Vi er på hjul i alle fall i fire veker, seier Rein Henriks.

Dei tre er frå Nederland. Og dei elskar det norske landskapet.

– Vi ser etter stader der det er billeg å stå. Her ved brua er det gratis. Det er toalett i nærleiken. Alt er godt organisert. Her kjem folk som vaskar toaletta, så alt er fint her, seier Rein.

Rein Hendriks, kona (vil ikkje oppgje namn) og Chico

Til høgre hunden Chico, Rein Henriks og kona. Ho ønskjer ikkje namnet sitt på internett. Dei stortrives med å fordele overnattingane på rasteplassar og ein del på campingplassar i Noreg.

Foto: Terje Reite / NRK

Vegvesenet seier stopp

No tek Statens vegvesen grep og vil nekte parkering ut over to timar på to av rasteplassane i Noreg. Dette er rasteplassane der Vegvesenet oppfattar bubilcamping som eit stort problem.

– Vi skiltar no rasteplassane på Skjevlingsneset ved Bergsøysundbrua med maks to timars parkering. Det skal vere nok til at folk får kvilt seg, får raste og dei får sett seg rundt. Men dette er ikkje nokon campingplass, seier Torgeir Bye i Statens vegvesen til NRK.

På rasteplassen ved Trollveggen blir det også endra parkeringsreglar. Forslaget er at også vogntog skal ha maksimalt fire timars parkering her. Samstundes blir eit område ein annan stad i Romsdalen (Marstein) opna for at yrkessjåførar får døgnkvilen sin.

Torgeir Bye

Torgeir Bye er seksjonsleiar i Statens vegvesen.

Foto: Terje Reite / NRK

– Får ikkje brukt staden som rasteplass

Hovudargumentet til Vegvesenet er at fleire av rasteplassane ikkje lenger fungerer slik dei har vore meint, nemleg ein stad der vegfarande skal få ei rask kvile og beinstrekk. Ved Trollveggen har også yrkessjåførar fått vanskar med å finne plass til å ta lovpålagd kvile.

– Også bubilturistar skal sjølvsagt vere utkvilt når dei køyrer og treng kvile. Men bruken av rasteplassane er ikkje lovregulert på nokon måte. Generelt er det greitt med eit døgns overnatting. Men her blir folk ståande opp til ei veke. Og dette skal ikkje vere nokon campingplass, seier Bye.

Nye skilt er alt bestilt. Før midten av juli skal skilta vere oppe. Då blir det parkering i berre to timar.

Men blir ikkje dette i strid med allemannsretten?

– Allemannsretten gjeld over alt, og gjev rett til ferdsel. Men på nokre rasteplassar har bubilturismen blitt eit problem. Dermed må vi inn med reguleringar, seier Bye.

Bobilar på rasteplass ved Trollveggen

Rasteplassen ved Trollveggen blir no skilta med maksimalt to timar parkering. Vegvesenet meiner bubilane tek opp for mykje av plassen som er tiltenkt yrkestrafikk.

Foto: Terje Reite / NRK

Oversikt over heile landet

NRK har skaffa oversikt over alle rasteplassane i Noreg som er eigd og drifta av Statens vegvesen. Oversynet viser at Statens vegvesen følgjer med på situasjonen frå dag til dag. I sommar er det svært mange bubilturistar som vel rasteplassane som overnattingsstad. Men det er berre ved reiselivsikonet Trollveggen, ved flytebrua på KRIFAST-sambandet og på Svidalsneset i Jølster at Vegvesenet har valt å innføre ny skilting for å få vekk bubilane.

Rasteplassen på Svidalsneset

Dette er rasteplassen ved Svidalsneset i Jølster i Sogn og Fjordane. Plassen er oppgradert for 15 millionar kroner. Og i sommar har det kome opp skilt med camping forbode. På det meste har det stått 20 bubilar her.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Allemannsretten er heilag

Denne sommardagen har Geir Hagerupsen parkert bubilen på bubilparkeringa på Veiholmen i Smøla kommune. I dette området var det tidlegare eit sterkt press på det vesle fiskeværet, der bubilar parkerte tett inn i smuga med gamle trebygningar. Bubilparkeringa markerer både at bubilturistane er velkomne, men også at dei skal campe i ordna former.

– Eg likar godt å fricampe. Eg parkerer bubilen gjerne nær eit fiskevatn på fjellet eller med fin utsikt til havet. Og eg meiner allemannsretten er heilag. Det kan ikkje vere slik at det skal vere rasteplass-forbod mot å sove nokre timar i bubilen, medan den som sit i setet på ein personbil skal ha lov til det. Vegvesenet må ikkje få lov til å innføre «gale-matias»-reglar, seier Hagerupsen.

Geir Hagerupsen

Lovleg og trygt: Geir Hagerupsen har denne dagen parkert på bubilparkeringa på Veiholmen. Men han likar dårleg at Vegvesenet innfører for strenge reglar mot parkering på rasteplassar.

Foto: Terje Reite / NRK

Hagerupsen meiner at ein stor del av bubilfolket ikkje er ute etter dei kvalitetane dei kan få på ein campingplass. Han seier at det slett ikkje er alle bubilturistar som vil ha ut grillen og ha ut markisa, setje fram stolar og bord i alle samanhengar. Dei fleste bubilane har både toalett og dusj og mange har solcellepanel og produserer sin eigen straum.

Veiholmen bobilparkering

Ein kveld i juni: Veiholmen bobilparkering er eit resultat av både behovet for regulering av bubiltrafikken og ein måte å ønskje bubilturistane velkomen til Veiholmen på.

Foto: Veiholmen bobilparkering

– Takk for at vi får lov, Noreg

Også ved Trollveggen i Rauma er det mykje bubilar på den store parkeringsplassen denne dagen. Eit stort område er sett av til vogntog for at yrkessjåførane skal få lovpålagt døgnkvile. Ved eit anna område er det markert oppstillingsplassar i personbilstorleik. Denne dagen er det god plass til alle. For regnet høljar ned og skodda er så tett at det er umogleg å sjå dei kvasse tidane øvst i Trollveggen.

Niels og Suzanna Hessel

Niels og Suzanna Hessel er frå Tyskland. Dei meiner at Noreg er eit av dei beste landa i Europa å vere bubilturist i. Og dei er takksame for at det er lov å reise så fritt. For det er ikkje i alle land det er slik. Hundane Baschka og Tonja er med på heile vegen opp til grensa til Russland.

Foto: Terje Reite

Midt i klynga av bubilar går gardina opp, og to snutar trykkjer seg ivrig mot ruta. Hunden Tonja er den ivrigaste og følgjer med på det som skjer ute på den store plassen. Baschka tek det heile med ro. Døsig registrerer ho at gjesten frå NRK får sleppe inn i bilen.

– No har vi vore på Peer Gynt-vegen, farta rundt i Jotunheimen, på Strynefjellet og på Runde, fortel Suzanna Hessel. Ho lyser verkeleg opp når ho fortel om lundefuglane, om ørnene og fuglen storjo ho fekk oppleve på Runde.

Suzanna, Niels og dei to hundane Tonja og Baschka fartar rundt i Skandinavia og dei elskar dette livet. Dei elskar også Skandinavia. Suzanna har til og med lært seg litt svensk.

– Vonar det ikkje blir utnytta

Begge to opplever Noreg og Sverige som trygge land å campe i. Det hender dei slår seg til på ein campingplass når dei vil ha ein ekstra god dusj og når dei treng å fylle reint vatn på tanken og å tømme gråvatn og toalettet. To eller tre netter er fricamping. Den tredje eller fjerde natta tek dei inne på ein campingplass.

– Det er sjuande året vi køyrer med bubilen vår i dette området. Vi har ikkje hatt ei einaste dårleg erfaring. Her er det trygt å campe. Når vi fricampar hamnar alle etterlatenskapar i lukka tankar. Vi forureinar ikkje. Ingen ting hamnar i naturen, seier Niels.

– Vi er svært takknemlege for at det er mogleg å fricampe slik i Noreg. Det er ikkje mogleg å campe slik som dette elles i Europa. Det er rett og slett ikkje lov. Vi er fullstendig klar over kor unikt dette er. Derfor vonar viat det ikkje blir utnytta av andre turistar. Vi vonar verkeleg at dei norske styresmaktene ikkje tek frå oss dette høvet til å campe fritt. Dette er stort for oss og vi er veldig takksame, seier Niels Hessel før han, kona Suzanna og dei to hundane køyrer vidare heilt nord i Noreg og opp mot grensa til Russland.

– Det blir mange kilometer, men vi har mykje tid og vi har det ikkje travelt, seier dei i kor.

Niels og Suzanna Hessel

Niels og Suzanna Hessel er klare til å ta fatt på den lange reisa heilt mot nord i Noreg. Målet er å kome heilt fram til grensa mot Russland.

Foto: Terje Reite / NRK