Nektar å vite kven han møter før ti minutt for kampen

Felix Baldauf har ambisjonar om å bli verdas beste i bryting, når han deltek i VM måndag. Men han vil ikkje vite kven han møter på matta før han må.

Felix Baldauf

Felix Baldauf er svært nøye med kva han gjer før ein viktig kamp. Ifølgje trenaren høyrer han tre songar, hoppar fem hopp, ropar og slår seg på brystet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Måndag deltek kristiansundaren Felix Baldauf i VM i Paris, berre månader etter at han tok eit imponerande EM-gull.

Søndag kveld blei det klart kven utøvarane møter, og for Baldauf betyr det Bulgaria i første runde og vinnaren av Polen og Usbekistan i andre runde. Men 22-åringen frå Kristiansund anar ingenting.

Eren André Gjæktvik

Trenaren Eren Gjæktvik er sikker på at Felix Baldauf blir verdsmeister i bryting. Men garanterer ikkje at det skjer denne veka.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Han vil ikkje vite kven han møter, så han gjekk på vekta, gjekk og åt og ligg no på rommet og prøvar å slappe av, seier trenaren Eren Gjæktvik søndag kveld.

Les også:

Ritual som Warholm

22-åringen kom frå Tyskland til Noreg som åtteåring og markerte seg som brytar før han var 15 år gamal. I mai vann han EM, og no er han favoritt framfor VM. Tidlegare i august uttalte han at han ønskte å kopiere Karsten Warholm sin suksess, og Warholm har som kjent nokre ritual han må gjennom før store konkurransar.

Felix Baldauf

Felix Baldauf (22) blei EM-meister i bryting i mai, og kjempar måndag om VM-gullet i Paris.

Foto: Tommy Skauen

Det same gjeld 22-åringen.

– Det er veldig sterkt ritualepreg på morgondagen. Det er faktisk litt slåing på brystet, vi hyler og klappar litt akkurat før vi går på matta. Så har vi vanleg oppvarming, han må høyre på tre songar, tek fem totalhopp, knekk nokre ribbein, så han har eit fast ritual, seier Gjæktvik.

Dette er bryting

Likar dårleg favorittstempelet

Felix Baldauf sa til NRK for nokre dagar sidan at han ikkje likte favorittstempelet, og Gjæktvik seier det kan skape eit psykisk press.

– Vi føler jo at folk kikar på han, då, det er litt uvant, seier trenaren.

Trenaren til 22-åringen er sigerssikker før VM i Paris denne veka.

– Eg er hundre prosent sikker på at Felix Baldauf blir verdsmeister, og så er eg ikkje hundre prosent sikker på at det skjer måndag. Men ein gong i livet sitt blir den guten verdsmeister, seier Gjæktvik.

Baldauf tok EM-gull