Hopp til innhold

Nektar å vente tre månader på ferje

Fleire fylkespolitikarar meiner det er uakseptabelt å måtte vente tre månader på ei tredje ferje i sambandet Hareid-Sulesund der den sterke trafikkveksten i periodar har ført til køar og kaos.

Gunn Berit Gjerde og Frank Sve

Gunn Breit Gjerde (V) og Frank Sve (Frp) meiner det tar for lang tid å få på plass ei tredje ferje i sambandet Hareid-Sulesund.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det vart ampert under fylkesutvalsmøtet måndag. Temaet var ferjesambandet Hareid-Sulesund. Det har vore mykje klagar og store protestar etter at den gamle ferja Ullensvang vart sett inn i sambandet 1. januar. I desember vedtok fylkestinget å utvide kapasiteten med ei tredje ferje. No er det klart at denne ferja mest truleg ikkje er på plass før i august. Det er ikkje Frank Sve (Frp) nøgd med.

– Ingen skal kome og fortelje meg at det er umogleg å skaffe ei ferje når fylkeskommunen er villig til å betale for det, seier Sve.

LES OGSÅ:

Tolmodet oppbrukt

Også fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) er utolmodig. Ho forstår at Norled må planlegge og skaffe mannskap, men meiner det har tatt for lang tid.

– Mi tolmod er oppbrukt for lengst. Eg kan ikkje fatte at dei ikkje klarer å få henta ut mannskap så dei kan sette inn ferja frå 1. mai. Det har vi bedt om no. Vi kan ikkje tillate at eit ferjerederi sit og trenerer ei sak som heile industrien og folk ventar på, seier Gjerde.

Ho meiner ferjesaka skaper eit omdømeproblem for fylkeskommunen.

Vil ha ferje i mai

Norled seier at dei treng tre månader før den tredje ferja kan vere i drift. Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) har som målsetjinga at ferja skal kome i gong i mai.

– Vi må diskutere om vi ikkje klarer å få det til før, seier Aasen.

Gunn Berit Gjerde meiner at dersom Norled slit med å skaffe tilsette, vil ho bidra.

– Dersom det er å skaffe mannskap som er problemet, skal eg hjelpe dei. Det har eg gjort før, seier Gjerde.