Hopp til innhold

Nektar å stille som sensor

Ungdomsskulelærarane i Sykkylven, Stordal og Ørskog nektar å stille som sensorar ved munnleg eksamen. Elevane skal opp i munnleg denne veka.

Muntlig eksamen

Slik har munnleg eksamen gått føre seg tidlegare. No skal elevane legge fram ein presentasjon på eit tema i eit fag dei har fått oppgitt på førehand.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

I dag, måndag 2. juni, får første pulje av 10.klassingar vite kva fag dei kjem opp i til munnleg eksamen. Men tilgangen på sensorar kan bli vanskelegare i år enn tidlegare.

Alt i februar melde NRK Møre og Romsdal at eksamen kunne stå i fare fordi mange lærarar nekta å stille som sensor. No har lærarane i Sykkylven, Stordal og Ørskog sagt klart nei.

Etterlyser opplæring

Lærarane meiner dei ikkje har fått den opplæringa dei treng etter at eksamensforma blei endra i år.

Vi har etterlyst opplæring i mange år. Og det er arbeidsgjevaren si plikt å gje denne opplæringa. Dette burde ha vore på plass for lenge sidan, seier leiar i Utdanningsforbundet, Kristin Ræstad Giskemo.

– Men løyser det noko å ikkje stille som sensor?

Det må vere lov å seie nei når ein ikkje føler seg i stand til å ta på seg ei oppgåve, seier Giskemo.

Kristin Ræstad Giskemo avviser at sensornekten har noko med det omstridde lønsoppgjeret å gjere. Men fleire andre lærarar som NRK har vore i kontakt med seier det er stor frustrasjon over at lærarane må opphalde seg på skulen i større del av arbeidstida.

– Største problemet nokon gong

Utdanningsdirektør i Møre og Romsdal, Alv Walgermo stadfester at det har vore langt verre enn elles å skaffe sensorar i år.

Det er fyrste gong vi har stått overfor denne utfordringa, seier han. Han legg til at utdanningsavdelinga vil vurdere å betre opplæringa av lærarane for å setje dei i betre stand til å ta på seg arbeid som sensor.

– Har funne løysingar

Walgermo seier at sensornekten har oppstått i ein avgrensa region. Han har vore i kontakt med Utdanningsdirektoratet og får opplyst at det ikkje er problem med å skaffe sensorar andre stader i landet.

Vi bad om ein rapport tidlegare i vår. Vi bad då skulane om å gjere alt dei kunne for å skaffe nok sensorar. Dei har no gått ut til andre kommunar og det har ordna seg slik at alle elevane får gjennomført munnleg eksamen, seier Walgermo.

Slik er den nye ordninga

Den nye eksamensordninga for munnleg eksamen i ungdomsskulen blei vedteken i 2013 og blir gjennomført for fyrste gong i år. Under munnleg eksamen skal elevane først ha ein obligatorisk førebuingsdel der elevane skal førebu ein persentasjon i samband med eit tema.

Elevane får vite kva fag dei har kome opp i 48 timar før eksamen. Tema eller problemstilling får eleven oppgitt 24 timar før eksamen.

– Arbeidsgjevar gjer ikkje plikta si

Kristin Ræstad Giskemo i Utdanningsforbundet seier til NRK at målet med sensornekten er at arbeidsgjevaren skal høyre på dei tilsette og gje lærarane ei felles opplæring i korleis den nye munnlege eksamensforma skal forståast.

– Eg vonar dei legg merke til aksjonen. Vi tykkjer den nye ordninga er vag og vanskeleg å tolke og forstå. Dermed etterlyste vi felles kursing for å få noko felles i botnen, slik at vi kan praktisere ordninga likt. Det er frivillig å vere sensor. Vi tykkjer det er rart at vi ikkje har fått opplæring i den nye eksamensforma. Her har ikkje arbeidsgjevaren gjort det dei pliktar å gjere, seier Ræstad Giskemo.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL