NRK Meny
Normal

Nesvik nektar å spekulere i statsråd-post

– Det er alltid flatterande å verte nemnd i ein slik samanheng, men no trur eg vi skal konsentrere oss om politikken fyrst, og så får andre spekulere, seier Ålesund sin mangeårige stortingskandidat Harald Tom Nesvik (Frp).

Blir Harald Tom Nesvik statsråd?

Harald Tom Nesvik (FrP) reknar med at Frp får ansvar for ei dugeleg mengde med departement til hausten.

Til hausten går Harald Tom Nesvik (Frp) inn i si femte periode på Stortinget, og ifølgje Sunnmørsposten er han truleg den einaste statsrådskandidaten på Nordvestlandet.

Harald Tom Nesvik

Stortingsrepresentant Harald Tom Nesvik reknar med at Frp får ansvar for ei dugeleg mengde med departement i haust.

Foto: Terje Reite / NRK

Det tykkjer hovudpersonen sjølv er smigrande, men enn så lenge nektar han å pakke eigedelane sine for å klargjere innrykk på eit av statsråd-kontora.

– Det er alltid flatterande å verte nemnd i ein slik samanheng, men no trur eg vi skal konsentrere oss om politikken fyrst, og så får andre spekulere fram og tilbake.

Han seier at det til sjuande og sist er Siv Jensen og Erna Solberg, og eventuelt Trine Skei Grande og Knut Arild Hareide som avgjer kven som skal vere i mannskapet.

Ventar fleire FrP-departement

Dersom alle dei fire borgarlege partia blir med i regjering, vert det færre statsrådpostar på kvart parti, til skilnad frå om berre to eller tre parti blir med.

Nesvik reknar uansett med at Frp får ansvar for ei dugeleg mengde med departement.

– Ja, Framstegspartiet skal ut ifrå vår storleik ha fleire statsrådar, men kven det blir kan ein ikkje spekulere i. Det er sikkert mange frå einskilde parti som går med ein statsråd i magen, men slik tankegang vil eg sterkt rå ifrå.

Statsråd-eigenskapar

– Men har ikkje du ein statsråd i magen då?

– Nei, det har eg aldeles ikkje. Eg har stilt til val i Stortinget, og så får vi sjå kva som skjer ut ifrå det. Slik er stoda, og så får ein eventuelt ta det som kjem.

Til no har Nesvik 16 år på Stortinget, noko som har gjeve han mykje erfaring. Då er det kanskje ikkje så rart at han også har meiningar om kva som bør telje når partileiarane no skal legge kabal.

– Det er mange faktorar som spelar inn. Personkjemi, erfaring, interesse, gjennomslagskraft og mykje anna skal klaffe i ein slik samanheng. Alle dei fire partileiarane har desse eigenskapane, seier Nesvik.

«Kort veg til makta»

Jan Erik Røsvik

Samfunnsredaktør Jan Erik Røsvik i Sunnmørsposten seier det vil vere ein fordel å ha ein statsråd frå lokalmiljøet som vil sørge for «kort veg til makta».

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Samfunnsredaktør Jan Erik Røsvik i Sunnmørsposten var gjest i NRK Møre og Romsdal si distriktssending onsdag kveld.

Der ytra han at Nesvik «seier det han må seie», når journalistane spør han om han er interessert i ein statsrådpost.

Røsvik er i alle fall klar på at Nesvik har mykje erfaring – noko som er eit viktig krav for å handtere statsråd-oppgåvene.

– Han har lang og solid erfaring både frå helsesektoren, og som nestleiar i næringskomiteen. Nesvik har solid parlamentarisk erfaring, seier Røsvik.

Til programleiar Pål Kristian Lindseth seier samfunnsredaktøren også at det vil vere ein fordel å ha ein statsråd frå lokalmiljøet som vil sørge for «kort veg til makta».