NRK Meny
Normal

Nektar å slutte etter redningsaksjon på Mount Everest i helga

Siv Harstad (45) frå Gjemnes nektar å slutte å klatre i dei høgaste fjella, sjølv etter at ho var i livsfare då ho vart snøblind og miste synet på Mount Everest.

Siv Harstad med sherpaen Dawa Tenzing

Siv Harstad med sherpaen Dawa Tenzing.

Foto: privat

Ho hadde heilt sikkert gledd seg til å nyte utsikta frå det nesten 9 000 meter høge fjellet Mount Everst rett før helga. Men i staden for å fryde seg over opplevinga, kjende 45-åringen at ho vart snøblind og miste synet Dermed var ho i store vanskar, og måtte kjempe for livet for å kome seg ned.

Det er heilt sinnsjukt bratt, og samstundes glatt og utsett i mange retningar. Det var i grunn ein heilt umuleg situasjon å vere i, seier Siv Harstad til NRK Møre og Romsdal måndag ettermiddag.

Les også:

Måtte gå for eigen maskin

Siv Harstad (45) fra Gjemnes trygt nede på Everest Base Camp.

Siv Harstad trygt tilbake på Base Camp med klatrarane Kilu Pemba og Dawa Tenzing Sherpa, som guida og hjalp henne ned.

Foto: Privat

No er ho trygt nede, men i fleire dagar var vener og familie svært urolege etter at dei hadde fått melding om at ho var snøblind på verdas høgste fjell. Høgdene gjer at det er uråd for helikopter å delta i redningsaksjonar, og den som ikkje klarer å ta seg ned igjen for eigen maskin, kjem seg ganske enkelt ikkje ned igjen.

Først søndag kunne ho skrive på bloggen at ho var trygt nede, og takka dei to klatresherpaene sine.

– Eg fekk beskjed om å ta to steg til venstre og så rapellere femti meter ned, seier ho, og skildrar korleis ho kjempa seg ned bratte fjellsider og isbrear utan å sjå.

Historisk klatretur

Siv Harstad er den første norske kvinna som har klatra Mount Everest åleine frå sør. Men ho fekk altså ingen glede av å utsikten på nesten 9 000 meters høgde. Undervegs måtte ho ta av oksygenmaska på grunn av dogg, og det var truleg då skaden skjedde i det skarpe lyset.

– Det er jo nesten surrealistisk. I det eg kjem på toppen forsvinn synet berre meir og meir, og etterkvart ser eg praktisk talt ingenting, seier Siv Harstad til NRK Møre og Romsdal måndag ettermiddag.

Vil ikkje gje opp klatringa

Så langt har over 250 menneske mist livet på veg opp eller ned Mount Everst, og berre sist helg omkom fire.

Sjølv om Siv Harstad har fått kjenne ekstra godt på spenninga sjølv denne gongen, meiner ho det er meiningslaust å gje opp klatringa.

– Nei, kvifor skal eg det? Alt er farleg. Du kan bli påkøyrt av ein møtande bil på veg heim, ulykker skjer. Vi må berre prøve å gjere det vi vil gjere på ein tryggast mogleg måte. Det var ved å ha dei rette folka med seg, og ved hjelp av god kommunikasjon, at vi klarte å løyse det ekstreme problemet, seier ho.