Ho vil ikkje reise frivillig tilbake til Noreg og ho har det svært tungt, fortel Knut Smedsrud, som er advokaten til kvinna.
Vil unngå utlevering
Ålesundskvinna har vore på flukt med dottera i åtte månader, etter at retten ga faren omsorga for barnet deira.
Britiske myndigheiter har no tatt seg av den fem år gamle dottera medan dei ventar på kva som skjer vidare i saka. Mora vil no arbeide for å unngå at ho og dottera blir utleverte til Noreg, seier advokat Smedsrud.
Faren tilbyr løysing
Erling Flisnes er advokaten til faren, og han har no sendt eit tilbod til advokaten til mora. Tilbodet går ut på at om ho let dottera reise attende til Noreg no, droppar dei kravet om straffesak mot mora for kidnapping.
Dette inneber også at norske myndigheiter ikkje vil kreve utlevering av dei to. Advokat Smedsrud har ikkje overlevert tilbodet til mora enno, men han seier at ho no primært vil kjempe for at ho og dottera kan leve saman i England.