Hopp til innhold

Nekta å ta imot psykotisk kvinne på sjukehuset – meinte ho var dement

Krangel mellom legane førte til at ei eldre kvinne blei sendt på dør to gonger ved sjukehuset i Ålesund. Kvinna var psykotisk og skulle hatt akutthjelp.

Psykiatrisk avdeling, Ålesund sjukehus

Den eldre kvinna blei avvist her på psykiatrisk avdeling i Ålesund. Ein av overlegane meinte kollegaene hadde stilt feil diagnose, og at kvinna var dement. Det viste seg å vere heilt gale.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Legane klarte ikkje å bli einige om kven som skulle ta imot den eldre kvinna som kom til psykiatrisk avdeling ved Ålesund sjukehus i fjor vår.

På den eine sida sto fastlegen som meinte ho var alvorleg deprimert og måtte leggast inn på timen. Han fekk støtte frå fleire av dei tilsette på psykiatrisk avdeling.

Men på den andre sida sto ein overlege. Han avviste diagnosen, meinte den eldre kvinna var dement og dermed ikkje hadde noko på avdelinga å gjere.

– Den røffe tonen i kommunikasjonen minner mer om at vi sitter på tiltalebenken enn at dette er noen som møter et sterkt, men sårbart menneske i en livskrise, skriv dottera i klagebrevet til Statsforvaltaren.

Ho og den alvorleg sjuke mora blei sittande å vente medan diskusjonane gjekk føre seg i korridoren utanfor.

Avvist på nytt fire dagar seinare

Men overlegen gav seg ikkje, og dermed blei ikkje den alvorleg sjuke kvinna lagt inn.

Fire dagar seinare blei det slått alarm igjen. Då var kvinna så sjuk at kommunen meinte ho måtte ha akutthjelp hos psykiatrisk avdeling. Denne gongen fekk ho sleppe inn dørene, men blei sendt vidare allereie dagen etter med beskjed frå overlegen om at kollegaene hadde misforstått symptoma hennar:

«Både sist gang og denne gang har hun vært helt håndterbar og uproblematisk å forholde seg til, slik at det som er over nevnt kan ikke stemme. Hun er helt klart dement, trolig alzheimer, men den diagnosen får man heller jobbe med på alderspsykiatrisk i Molde hvor hun nå blir overført til », skriv overlegen.

– Kan utgjere helserisiko

No konkluderer Statsforvaltaren med at behandlinga ho fekk var uforsvarleg, og at manglande samhandling på systemnivå kan vere ein risiko for pasienttryggleiken.

– I akutte situasjonar forutset vi at vi har aktørar som kjenner si rolle og tek ansvar, seier assisterande fylkeslege Vegard Ansok.

– Kor alvorleg var svikten?

– Skadepotensialet kunne vore stort. I slike saker vurderer vi ikkje nødvendigvis kor gale det gjekk, men kor gale det kunne gått, og dette var alvorleg, seier han.

Helseføretaket får også kritikk for at ingen av dei tilsette har nemnd saka med eitt ord i journalen til den eldre kvinna. Dei har heller ikkje forklart til Statsforvaltaren kva som konkret skjedde, slik dei pliktar å gjere når nokon klagar.

Vegard Ansok

Assisterande fylkeslege Vegard Ansok seier pasientane er avhengige av aktørar som kjenner si rolle og tek ansvar i akutte situasjonar.

Foto: Roar Strøm / NRK

Seier saka ikkje er eineståande

Organisasjonen Mental Helse seier saka frå Ålesund ikkje er eineståande, og dei opplever at mange pasientar har utfordringar med å få akuttpsykiatrisk hjelp.

– Denne saka er nok eit signal om at det ikkje er god nok kapasitet i helsetenestene og at dei ikkje er godt nok samorganisert, seier landsleiar Jill Arild.

Ho etterlyser det ho kallar eit krafttak for å styrke eit område som har sterkt behov for opprusting.

Jill Arild

Landsleiar Jill Arild i Mental Helse seier dei opplever at mange pasientar har utfordringar med å få akuttpsykiatrisk hjelp.

Foto: Mental Helse

Eldreombod Bente Lund Jacobsen seier det også er eit problem at mange eldre generelt vegrar seg for å ta til motmæle i møte med helsevesenet.

– Den eldre generasjonen er veldig forsiktig med å klage på nokon. Enkelte er faktisk redd for at dei ikkje skal få god behandling etter at dei har klaga. Andre er vande med at dei berre skal vente på tur, seier ho.

Bente Lund Jacobsen

Eldreombod Bente Lund Jacobsen seier mange eldre er alt for forsiktige med å klage i møte med helsevesenet. Ho etterlyser meir kompetanse hos dei som tek imot eldre menneske.

Foto: privat

Helseføretaket seier dei har lært

No beklagar Helse Møre og Romsdal sterkt det som skjedde. Leiinga skriv i ein e-post til NRK at det har vore ein eksplosiv auke i talet på akuttinnleggingar og at dei var i ein pressa mannskapssituasjon.

Helseføretaket viser vidare til at dei har endra rutinane, og har fått frist til 1. april med å dokumentere dette.

Overlegen som er omtalt i saka er i permisjon og ønskjer ikkje å kommentere saka.

Les heile svaret lenger ned i artikkelen.

Takka legane for hjelpa

Etter å ha blitt avvist to gonger på psykiatrisk avdeling i Ålesund, fekk kvinna til slutt plass på ei alderspsykiatrisk avdeling i nabobyen Molde. Her blei mistanken om demenssjukdom eller alzheimer raskt lagt vekk. I staden konkluderte legane med at kvinna var alvorleg deprimert og hadde psykotiske trekk.

Og på tredje forsøk blei ho då til slutt lagt inn på psykiatrisk avdeling i Ålesund.

I ettertid har ho flytta heim att og får hjelp frå heimesjukepleia i kommunen der ho bur. Sjølv vil ho ikkje klage på behandlinga, men har ifølgje Statsforvaltaren vore opptatt av å formidle at ho er fornøgd med behandlinga ho har fått.