NRK Meny
Normal

– Vi er skuffa og overraska

Formannskapet i Molde sa i dag nei til eit nytt Idrettens hus i Molde. Det førte til sterke reaksjonar i idrettsmiljøet i kommunen.

Devi Roxanne Persaud og Torgeir Haukebø

Devi Roxanne Persaud og Torgeir Haukebø i Molde idrettsråd er svært overraska og skuffa over at fleirtalet i formannskapet seier nei til å bygge nytt Idrettens hus.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det blei ikkje fleirtal for å bygge nytt Idrettens hus i Molde, slik rådmannen hadde innstilt, under formannskapsmøte i Molde tysdag ettermiddag.

Devi Roxanne Persaud og Torgeir Haukebø, i Molde idrettsråd, er svært overraska og skuffa over at fleirtalet i formannskapet no har sagt nei til å bygge eit nytt idrettshus.

– Vi har fått signal om at denne saka ville gå gjennom, så dette er eit stort steg tilbake. Dette vedtaket vil føre til store utfordringar, seier Haukebø som er nestleiar i Molde idrettsråd.

– Det kom som ei stor overrasking. Dette er veldig skuffande både for idretten og dei frivillige i Molde, seier Persaud.

Aksepterte ikkje nybygging

Fleirtalet, med ordførar i spissen, ville ikkje akseptere ei nybygging til 170 millionar, men ville heller ha ei rimelegare ombygging. Ei slik ombygginga vil koste 112 millionar.

Formannskapsmøte Molde.

Formannskapet i Molde sa tysdag nei til å bygge eit nytt idrettshus i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Haukebø meiner ei ombygging ikkje vil vere nok for å tilfredsstille dei krava som idretten i Molde har i dag. Han meiner at det ikkje er pengar og spare på å velje ombygging i staden for nybygg.

– Vi meiner det er lite hensiktsmessig å drive gamle bygg til dagens standard. Vi trur også at eit nybygg ville gitt fasilitetar som hadde sikra idretten breidde og eit optimalt utgangspunkt for dei ulike idrettane, seier han.

Han får støtte av Persaud som meiner dagens lokale ikkje er store nok til å romme alle idrettane i Molde.

– Ein del klubbar slit med lokale og minst to står no utan plass å vere. Det er ein kritisk situasjon for desse, seier ho.

Saka skal no opp i kommunestyret i desember, der det blir gjort eit endeleg vedtak.

Haukebø seier at dei no vil jobbe med saka fram mot kommunestyremøtet.

– Vi er sjølvsagt veldig skuffa i dag. Men vi kjem til å jobbe saman med rådmannen og sjå kva vi greier å få ut av dette vedtaket, seier han.

– Ikkje råd til nybygg

Molde-ordførar Torgeir Dahl er derimot klar på at kommunen ikkje har råd til eit nybygg.

Torgeir Dahl

Torgeir Dahl seier kommunen ikkje har råd til å bygge eit nytt Idrettens hus.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi har ikkje lånekapasitet til å ta den meirkostnaden. Det er snakk om 60 millionar utover det vi har lagt til grunn tidlegare. I tillegg ser vi at medfinansieringa frå fylkeskommunen ikkje er med å finansiere dette, seier han.

Dahl meiner at dagens lokale er egna til vidare bruk.

– Idrettens hus er i til dels god stand og vi skifta blant anna golva der for nokre få år sidan, seier han.