Hopp til innhold

Nei til Nordøyvegen

Det var knytt stor spenning til om Nordøyveg-prosjektet skulle få klarsignal frå fylkesrådmannen. Han sa nei – økonomien toler det ikkje.

Nordøyvegen

Desse øyane er eitt steg nærmare å bli knytt saman med fastlandet.

Foto: NRK

Ottar Brage Guttelvik

Ottar Brage Guttelvik seier nei til Nordøyvegen.

Foto: Trond Vestre / NRK

– For dyrt, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Nordøyveg-prosjektet har blitt diskutert i fleire tiår, der dei første planen kom tidleg på 60-talet. I dag fredag skulle fylkesrådmannen kome med si tilråiing. Han seier nei. Fylkeskommunen kan ikkje ta på seg eit slikt prosjekt.

– Fylkeskommunen har allereie eit for høgt driftsnivå der ein må nytte fond for å balansere budsjettet i komande økonomiplanperiode, fortel Guttelvik til mrfylke.no.

– Ei realisering av Nordøyvegen vil gi ei netto auke i driftsutgiftene for fylkeskommunen på mellom 31 og 137 millionar kroner kvart år fram til 2048. Dermed må i så fall fylkeskommunen stoppe all anna investering i mellom 25 og 30 år.

Til saman vil prosjektet koste fylkeskommunen 3,4 milliardar kroner i netto driftskostnader.

Lei seg for avgjersla

Guttelvik fortel, at dersom prosjektet blir realisert, må ein kutte innanfor samferdsel, utdanning, tannhelse og regional utvikling. Fylkesrådmannen fortel at tala var umogleg å kome unna.

– Sjølv om ein legg dei gunstigaste føresetnadene til grunn, vil realiseringa av prosjektet auke driftsutgiftene med i gjennomsnitt 71,6 millionar kroner kvart år. Det er meir enn fylkeskommunen kan handtere, slår Guttelvik fast.

Vidare seier han at det er trist at utfallet ikkje er eit anna.

– Eit fastlandssamband vil truleg gi store positive effektar for bu-, arbeids- og servicemarknaden på Nordøyane og i resten av regionen.

No skal saka opp hos politikarane i fylket. Først i samferdselsutvalet 21. august, deretter i fylkesutvalet, før saka skal opp på eit ekstraordinært fylkesting 27. august.

Saka blir oppdatert.