Nei til avfallsdeponi i Nesset

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik seier nei til det planlagde deponiet for ordinært avfall på Raudsand i Nesset og rår fylkesutvalet til å gjere det same. Guttelvik meiner fylkesutvalet bør gå i mot etablering av deponi for ordinært avfall på Raudsand før ei konsekvensutgreiing er klar.