Hopp til innhold

Nei til asylmottak på Facebook

6500 er medlemmar i protestgrupper mot Asylmottak på nettstaden Facebook.

Internettgruppe mot asylsøkere
Foto: Aina Rødal / NRK

Hovudargument som blir brukt er frykta for meir kriminalitet ved ei etablering av asylmottak.

1900 er medlemmar i grupper mot asylmottak i Møre og Romsdal.

Regiondirektør i utlendingsdirektoratet, Berit Tyldum, avviser at asylmottak fører med seg meir kriminalitet i nærområda.

Utfordring

Men Tyldum innrømmer at det er eit stort informasjonsbehov for kva det faktiske vil inneber å få eit asylmottak til nærområdet.

- Når ein høyrer rykte om at kjem eit asylmottak svært nær der ein bur så har ein ofte eit stort behov for informasjon, seier Tyldum.

Tyldum seier at UDI har ei utfordring når det gjeld å skape forståing for kva det faktisk vil innebere å få eit asylmottak til nærmiljøet.

Ho seier at UDI gjerne skulle vore ute og informert folk tidlegare enn dei faktisk kan.

Frykt for vald og kriminalitet

Argumenta som går igjen på Facebook for ikkje å ville ha eit asylmottak handlar mykje om frykta for auka kriminalitet.

Dette samsvarar ikkje med realitetane, meiner Tyldum.

- I fjor blei det gjort ei svært omfattande undersøking av vald og trugsmål ved mottaka i Noreg. Undersøkinga viste at er svært lite vald og valdsproblematikk knytta til mottaka, seier Tydlum.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL