Solberg er i dag ein av foredragshaldarane på NHO-konferansen "Småtinget" i Kristiansund.
Solberg er skeptisk til å dele inn landet inn i landsdels-regionar, og vil heller satse på å få kommunar til å inngå samarbeid på ulike område.
Store endringar
- Og eg trur det er viktig å bruke tid på dette for det vil innebere ganske store endringar å innføre landsdelsregionar, seier kommunalministeren.
Mellom anna peikar Erna Solberg på at dette vil få konsekvensar for kva valkretsar ein skal ha i samband med stortingsvala.
Oppgåvefordeling
- Vi kan ikkje rushe inn i dette i løpet av kort tid. Vi må vite kva oppgåver. Vi må vite kva oppgåver desse regionane skal ha, og vi må først finne ut om det er behov for eit tredje forvaltningsnivå. Det er ikkje sikkert at oppgåvene er store nok til det, seier Solberg.
En rapport laga på oppdrag frå Kommunenes Sentralforbund har konkludert med at storparten av Nordmøre bør gå inn i ein region med Trøndelagsfylka medan resten av fylket blir ein del av ein stor Vestlandsregion.
Reaksjonar
Rapporten er blitt møtt med ein storm av protestar frå politikarar og folk i næringslivet, men fleire politikarar frå Nordmøre har uttalt seg positivt om forslaget.
- Eg trur ikkje ein skal undervurdere den identiteten som folk føler at dei har, og heller ikkje dei strukturendringane det vil bety å dele eit fylket i to som har hengt saman i så mange år, seier Erna Solberg.